Song for dagen

Eg har ikkje funne nokon backup av song for dagen sida mi :( Kan henda eg kan starta ei ny side her, men uansett ganske kjedeleg å ha mista den i og med at eg faktisk arbeida ein del med ho.

11. april 2008

Skal så smått koma igang igjen, og skal hugsa å ta ein tryggleikskopi av sida med jamne mellomrom heretter… Uansett, song for dagen blir “All I Need” frå “Radiohead” sitt nyaste album “In Rainbows“. Eg lasta det ned (og betalte) for ganske lenge sidan, men har av ein eller annan grunn ikkje fått høyrt så mykje på det før eg no har kjøpt ein fysisk kopi.

15. april 2008

Tysdag i dag. Veret utanfor kontorvindauga har veksla mellom sol, snø, regn og overskya i heile dag. Ikkje godt å sei kva som skal bli song for dagen. Det blir noko frå der nye albumet til R.E.M.: Accelerate. Spor nummer to, “Man-Sized Wreath” er ganske bra og er nok eit lika godt val som noko anna. og eg har kjøpt det albumet og.

16. april 2009

Det er eit heilt år sidan sist det har kome nokon ny song for dagen. Det tydar på at prosjektet ikkje har vore heilt vellukka… The kunne kanskje passa med The Day That Never Comes med Metallica? Sidan Metallica er sære så er det ikkje mogleg å finna den på Last.fm eller på t.d. Spotify (ei teneste som kan anbefalast). Eg har ein invitasjon liggande om det framleis trengs