Oslo sykkelfestival

13. september, 2009 – 20:05 av Familien Huse

Det blei seks harde mil i den nye (igjen) løypa til Oslo sykkelfestival. Eg var med på turrittet og sykla med 13 andre “OSI Sykkel”-rytterar + rundt 250 andre syklistar. Det vart køyrt knallhardt i frå start og sidan eg var dårleg plassert i starten vart det mange å sykla forbi på første runden. Det gjorde at eg måtte køyra ekstra hardt første gong opp til Ekeberg, særleg då eg bestemte meg for å prøva å vera med fire som gjekk i eit brot. Eg kom meg opp i lag med dei, men det kosta, og opp andre gong måtte eg diverre gi nokre meter og sekund. Då var det i grunnen bare å setta seg litt opp, drikka og eta og la meg bli tatt igjen av eit felt som kom bak. Dette satt eg med dei fire siste rundane og klarte ein uoffisiell sjetteplass (nummer to i feltet mitt). I grunnen er eg ganske nøgd med det, undervegs tenkte eg at topp 20 hadde vore bra, og med det tynne treningsgrunnlaget mitt må det vera godkjent (og beste plassering av oss frå OSI Sykkel).

Elevation Profile
Speed Profile

OSI Sykkel trening

08. september, 2009 – 22:03 av Tor Helge Huse

Trening i lag med OSI Sykkel. Vi sykla i traseen til Oslo sykkelfestival (neste søndag). Loggen er frå start på Mortensrud, til Ekeberg, ned og opp igjen til Ekeberg via Kongsveien (ein runde feil veg), før eg møtte gjengen frå OSI Sykkel. Vi hadde 3 relativt harde rundar, så ein roleg før siste rolege turen opp til Ekeberg og heim.

Elevation Profile
Speed Profile

Enebakk rundt

08. september, 2009 – 22:00 av Tor Helge Huse

Eg testa det lange alternativet til ny sykkelveg til ny jobb.

Elevation Profile
Speed Profile

Re:Første møte med ambulanse

05. september, 2009 – 14:35 av Familien Huse

Og sidan eg har tid, og er i stand, til å skriva dette har det gått bra

Første møte med ambulanse

05. september, 2009 – 11:55 av Familien Huse

Anniken ramla ned trappa heime. Kanskje mest skummelt for mamma og pappa, litt naseblod og blåmerke på låret. Men best med ein sjekk på legevakta.


Video

Ho elskar sykkelen sin

30. august, 2009 – 10:35 av Familien Huse


Video

Anniken og Fantorangen på sykkeltur

29. august, 2009 – 14:25 av Familien Huse


Video