Oslo sykkelfestival
13. september, 2009 – 20:05 av Familien HuseDet blei seks harde mil i den nye (igjen) løypa til Oslo sykkelfestival. Eg var med på turrittet og sykla med 13 andre “OSI Sykkel”-rytterar + rundt 250 andre syklistar. Det vart køyrt knallhardt i frå start og sidan eg var dårleg plassert i starten vart det mange å sykla forbi på første runden. Det gjorde at eg måtte køyra ekstra hardt første gong opp til Ekeberg, særleg då eg bestemte meg for å prøva å vera med fire som gjekk i eit brot. Eg kom meg opp i lag med dei, men det kosta, og opp andre gong måtte eg diverre gi nokre meter og sekund. Då var det i grunnen bare å setta seg litt opp, drikka og eta og la meg bli tatt igjen av eit felt som kom bak. Dette satt eg med dei fire siste rundane og klarte ein uoffisiell sjetteplass (nummer to i feltet mitt). I grunnen er eg ganske nøgd med det, undervegs tenkte eg at topp 20 hadde vore bra, og med det tynne treningsgrunnlaget mitt må det vera godkjent (og beste plassering av oss frå OSI Sykkel).