Kongsveien – uformelt testløp
02. juli, 2009 – 22:22 av Tor Helge HuseDet var invitert til eit uformelt testløp opp Kongsveien og eg nytta høvet til å få lagt inn eit par intervall. Først oppvarming til Ekeberg, så to intervall frå Dyvekes bru og opp til Ekebergsletta. Deretter møtte eg tre andre syklistar som skulle vera med på testløpet. Vi tok ein roleg runde opp Kongsveien først og deretter var det alvor. Eg hadde eigentleg tenkt å køyra relativt kontrolert opp, men klarte ikkje heilt å styra meg… Tida blei 04:14, 4 sekund dårlegare enn personleg bestenotering, og bein fulle av syre.