Reisedagbok frå Marokko
19. mai, 2009 – 10:04 av Familien Husereise til Marokko
bilete: seinare
Frykteleg trist å reisa frå Anniken, til og med Tor Helge måtte konsentrera seg for å klara å snakka med bussjåtøren. Tilstanden til Kanutte skal vi ikkje gå nærare inn på. Men frå vi satt på bussen og til vi landa i Casablanca gjekk alt som på skinner. Flya var i rute, maten på veg til Frankfurt var OK, på flyet til Casablanca sov vi begge to meir eller mindre heile vegen. Det er lettvint å reisa utan Anniken.
I Casablanca stod vi i passkø to gonger sidan vi heilt sikkert sov forbi utdeling av immigrasjonsskjema på flyet. Vel ute av flyplassen fekk vi ikkje tatt ut pengar på nokon av korta våre, men heldigvis hadde vi med oss litt euro. Ein taxi frå tidleg åttital tok oss inn til hotellet vårt i sentrum av Casablanca og vi kunne sovna i gode senger kl to på natta (lokaltid, to timar etter norsk tid).
Casablanca
bilete: seinare
Venlege og hjelpsame folk, gjekk til togstasjonen, kunne nok tatt ein “petit taxi”. Fekk endeleg tatt ut pengar og vi vart lukkelege. Sov til ni og åt frukost, vaskehjelpa stal handklea våre før vi fekk dusja. Venta på toget ved togstasjonen.
togreise til Marrakesh
bilete: seinare
Førsteklasse, greie medpassasjerar i kupeen. Landskapet ikkje som forventa, flatt og mykje kornåkrar. Sov litt og turen på litt over tre timar gjekk raskt. Frodigare landskap då vi kom til Marrakesh.
første dagen i Marrakesh
Taxi til riaden, betalte omlag tre gonger for mykje. Må snart læra oss å pruta! Super plass vi bur på, overgår Kanutte sine forventingar. Deileg takterrasse. Fottur gjennom Soukane, tett og ein del folk, men kanskje mindre enn vi hadde frykta. Stor marknadsplass – Djemaa el Fna, veldig mange boder med frukt, krydder og generelt ting og tang. Fann oss ein anbefalt restaurant med takterrasse. Der blei vi sittande i to timar med god mat og flott utsikt.
andre dagen i Marrakesh
![]()
matkurs, først handling av råvarer i Souken (marknaden) så matlaging i ein riad. Tok ein del timar så då vi var ferdige med forberedingane var det godt å synka ned i ein djup sofa og la dei tre kokkane ta seg av serveringa. Maten smakte nydeleg og sjølv om dei ulike rettane var basert på mange av dei same råvarene og kryddera gjorde dei ulike måtane å laga rettane på at dei alle smakte ulikt og veldig, veldig godt (til og med fisken).
Elles har vi ikkje gjort så mykje i dag, prøvde oss på å finna vegen tilbake til riaden vår gjennom Souken, men måtte ha litt hjelp. Det er tallause gater, sidegater, små smug og store hallar som alt ser meir eller mindre likt ut. Ganske vanskeleg å halda styr på retninga når ein vandrar, og det blir ikkje lettare med alle inntrykka som heile tida stjel fokus. Det er heile tida nye lukter, fargar og folk overalt, men heldigvis ikkje så mykje som vi kanskje hadde frykta på førehand. Og sjølvsagt syklar og mopedar i hopetall, sjølv i dei trangaste smug suser dei avgarde. Eg er ganske sikker på at mange av dei hadde gjort det godt som sykkelbod…
tredje dagen i Marrakesh
![]()
![]()
Våkna tidlig som vanlig (kanskje ikke så rart siden vi legger oss kl 22) og tok oss faktisk en joggetur! Ikke veldig fort og ikke veldig langt, men deilig å bevege seg litt. Målet var Jardin Majorelle, en hage med mange kaktuser og et blått hus. Tor Helge legger til at det var skilpadder der også. Tilbake i Riaden var det deilig å ta en (for en gangs skyld varm!!) dusj, og spise frokost på takterassen.
I dag var dagen for å leke turist. Vi gikk litt i utkanten av medinaen til de Saadiske gravene. Plutselig var vi blant mange turister, noe vi egentlig ikke har følt tidligere. Fine utskjæringer, men kanskje ikke det mest spennende vi har opplevd. Så var det tid for lunsj og vi klarte til slutt å finne en kafe som vi hadde sett oss ut dagen før. Åt sandwich med kefte, egentlig en slags hamburger. Turen gikk videre til Musee de Marrakech og Ben Youssef Medersaen. Fin dekor og helt greit å ha fått med seg.
Vi prøvde å gå hjem på egen retningssans. Ikke helt vellykka, men etter å ha betalt noen smågutter fant vi fram i dag også. Deilig å legge nedpå litt, såpass deilig at vi sovna… Middagen ble inntatt på Terasse de Epices. Nydelig treretters.
2 Responses to “Reisedagbok frå Marokko”
Hei på dåke!
Kjekt å lesa reisebrev. De får med dåke mykje spennande! Anniken har det nok supert saman med mormor og tante Lis! Det hadde ikje vore så enkelt å utforska by og folkeliv med henne med. Det kjem mange høve til å oppleva nye kulturar for henne. Og godt for dåke å ha nokre “kjærestedagar” åleine. Og så blir det godt å koma heim etterpå! Me kjem sikert på besøk i pinsehelga. Det gler me oss til. Nyt ferie/bryllaup vidare!
By besto/Mamma/svigermor on mai 23, 2009
Har lest reisebrev, kjekt å kunne følge med ! Anniken trives og koser seg hun også. Vi sees snart!
By Gro on mai 24, 2009