Reisedagbok – Kristiansund oktober 2007
10. oktober, 2007 – 15:35 av Tor Helge Huse10. oktober
Så måtte eg til slutt ut på sjøen igjen. Det har vore heilt utruleg fint å vera heima så lenge (skulle vel bare mangla…), men eg må nesten tena litt pengar igjen og (eller, gjera jobben eg får pengar for). Uansett, eg er no i Kristiansund på ny båt – OSV Relume.
Har fått eit godt inntrykk av folka ombord så langt (det er britisk brumannskap medan resten av båtmannskapet er filippinske, EMGS folka er ei god internasjonal blanding), maten har vore god (eg har starta bra med laks til middag), spinningsykkelen fungerar fint (5×4 min intervall), bordtennisbordet er i betre stand enn det som er på Angler, lugaren har eg for meg sjølv, og den er mykje større enn dei på Angler. Så det lovar bra slik sett. Men det blir tøft og trist å vera så lenge vekke frå Kanutte og Anniken
Men det blir veldig fint å ha heilt fri og tid til å vera i lag med dei når eg kjeme heim.
Blir ikkje nokon lang post i dag, reknar med at det blir meir å fortelja når eg/vi faktisk veit kva vi skal gjera (ein ting som er sikkert er at vi i kveld sette kursen mot nord og Tromsø, og det blir mest sannsynleg ein jobb på eit par veker der oppe) og eg får sett litt meir og danna meg eit betre inntrykk av båten. Det kjeme sikkert bilete av diverse etter kvart.
11. oktober
Ikkje så veldig mykje spanande å fortelja i dag. Vi er på veg mot Tromsø, men har brukt storparten av dagen i dag til kalibrering av navigasjonsutstyr, så vi går ikkje så mykje på fram. Men reknar med at vi snart er ferdige med testinga, og at vi difor er framme i Tromsø på lørdag kveld. Eg veit ikkje kor lenge vi eventuelt blir liggjande der før vi sette kursen ut mot området vi skal jobba i. Det er meldt dårleg ver på søndag, så kanskje vi kan bli liggande ein dag i Tromsø.
Eg la meg veldig tidleg i går kveld, men sov ikkje så godt så det blir nok tidleg til køys i dag og. Skal sjølvsagt sykla litt først. I tillegg fekk eg 3000 meter på romaskina og litt styrketrening før frukost, noko som var utruleg slitsomt (treninga, ikkje frukosten…). Eg har ikkje vore flink nok til å ta armhevingar og sit-ups medan eg har vore heima…
12. oktober
Vi seglar stadig mot Tromsø, skal visstnok vera framme i morgon tidleg. Veit framleis ikkje om vi blir liggande lenge der, men kan jo håpa eg får sett meg litt omkring. På vegen (blir kanskje litt feil med veg…) vår seglar vi ei indre rute som vil sei at vi har hatt heile Lofoten frå Røst og inn på babord side, medan fastlandet ligg til styrbord. Utruleg flott natur, fjell som stig rett opp av havet, snø på toppane (og lenger ned). Må definitivt få ein ferie her oppe ein gong. Eg har teke ein del bilete, men har ikkje lasta dei inn på pcen endo. Får sjå om eg kan få gjort det etter syklinga i kveld (som blir ganske snart). I går eg auka eg til 5×5 minutt intervall og skal prøva meg på 5×6 minutt i dag. Elles så er det veldig kjekt med mobildekning når vi er så nær land. Litt enklare og betre enn med satelittelefonen.
13. oktober
I dag kom vi inn til Tromsø, men vart ikkje liggande der særleg lenge. Etter bare eit par timar til kai var vi på veg ut mot Barentshavet. Men reknar med det blir opptil fleire moglegheitar for at vi må inn til havn igjen på grunn av dårleg vær, og då får vi nok planta beina på land.
Det er snø her oppe og framleis heilt utruleg flott. Har nesten forelska meg litt i alle fjella og draume om å sitta i ein liten båt med skikkeleg kamera og ta masse bilete
Eller stå på ski på kvar ein topp… Har fått teke nokre bilete, men med kompaktkamera er det ikkje akkurat lettare å fanga den vakre naturen.
Det blir vel til at vi byrjar med å gå skift no, eg skal gå dagskift så det er i alle fall fint i forhold til å halda kontakten med dei som er heima.
No er det snart middag, etter den reknar eg med å kanskje sykla litt og så får eg sjå kor mykje det er å gjera før midnatt (eg må uansett vera vaken ved skiftbytte, men kanskje eg ikkje trenge vera oppe heile tida i mellom…)
14. oktober
I dag har eg hatt utruleg god tid til å skriva her, men kjedar meg litt for mykje til at eg har gidda å faktisk gjera det. Eg vakna tidleg av at båten starta baugpropellane, noko ein høyre veldig godt på lugaren min dessverre. Sov ikkje særleg godt etter det (som var i 4-tida), så eg har vore trøytt og hatt hovudverk i stort sett heile dag. Men lyden blir vel ein vane og hjernen filtrerar han nok snart vekk som støy eg ikkje treng bry meg om. Elles så sykla eg rett etter at eg vakna (4-5-6-6-5-4 min intervall) noko som eg syntest var ein god start på dagen. Trur det blir slik eg kjeme til å gjera det framøve, med sykkel om morgonen og litt styrketrening etter skiftet. No er klokko snart åtta og eg trur eg skal legga meg nedpå køya ein halvtime og sjå om hovudet blir betre.
15. oktober
Sykla 4×8 min intervall før frukost, lest mykje i boka mi – er no i den fjerde boka i Robert Jordan sin serie “The Wheel of Time”. Dei blir faktisk litt betre etterkvart, angrar nesten på at eg ikkje tok med meg den femte. Eg har og byrja på “The God Delusion” av Richard Dawkins. Morosam og ei bok dei aller fleste burde lesa. Elles er det ikkje mykje å fortelja, vi droppar mottakarar og kan forhåpentlegvis byrja med tauing i morgon ein gong og då få gjort to linjer før det skal bli dårleg ver på torsdag (no er det heilt supert, dvs overskya og bare bittelitt bølgjer). Og eg har byrja på “Song for dagen” igjen.
16.-18. oktober
Eg har visst vore litt lite flink til å oppdatera reisedagboka i det siste. Det heng mest saman med at det eigentleg ikkje er/har vore noko å fortelja. Vi har no taua to linjer, noko som har betydd framleis rolege dagar for meg som FG. Det kjem til å bli travelt no når vi får tatt opp mottakarar, men akkurat no er det for dårleg ver til at vi kan gjera det og dermed har eg ikkje noko særleg å gjera (litt ulike sjekkar av diverse data har eg gjort, men no er det ingenting anna enn å venta igjen…). Men det er heldigvis ikkje så dårleg ver at det er ubehageleg ombord.
Elles så har dagane gått til å lesa mykje i boka (”The Shadow Rising”) som no byrjar å bli ganske så oppslukande og trena litt (sykla 4×8min på tysdag og 5×5min i dag + styrketrening kvar dag, onsdag måtte eg vaska sykkelklea så eg fekk ikkje sykla då). Meir er det vel ikkje å fortelja eigentleg…
19. – 21. oktober
Lika flink som alltid til å oppdatera her… Det har ikkje skjedd stort, vi har som sagt taua to linjer og teke opp mottakarane for den eine linja. Det blei litt å jobba med då, men ikkje spesielt travelt då det blei dårleg ver og vi ikkje har gjort noko anna før i dag (21.). No har vi byrja å taua den tredje linja, reknar med å bli ferdige med den i morgon tidleg om alt går som det skal. Med ein gong vi er ferdige med den kjeme vi til å setja kursen mot Tromsø for å søka ly frå det dårlege veret som er venta resten av veka (fram til fredag mest sannsynleg).
Elles så går det mest i trening (sykling sjølvsagt), lesing av bok (blei ferdig med bok 4 i Wheel of Time-serien i dag) og bordtennis (det er starta ei turnering ombord, eg vann utruleg nok den første kampen mot ein fillipinar som tok altfor lett på oppgåva. Mange av dei er frykteleg gode så eg ryke nok ganske så glatt ut i neste runde).
Det blir litt fint å få nokre dagar i Tromsø, men veit ikkje heilt kva vi skal finna på. Det ser ikkje ut til at det er skiføre der dessverre. Og det hadde vore hyggjeleg å bare bli ferdige med jobben… Skal prøva å oppdatera litt oftare, kan henda eg kan få teke nokre bilete frå Tromsø dei neste dagane.
22. – 26. oktober
Ehhh… blei ikkje akkurat flinkare til å oppdatera no medan vi har vore i Tromsø. Det har ikkje vore så veldig travelt på oss, men litt har det vore heile tida så vi har ikkje gått arbeidsledige. Det har blitt ein del kabellegging og diverse anna småarbeid på meg, noko som har vore heilt greit, får vore i aktivitet og tida går relativt fort. Sjølv om dagane nok hadde gått raskare om vi hadde vore i produksjon ute. Det ser ut til at vi blir liggande i alle fall til mandag no, men om vermeldinga endrar seg til det betre kan jo det endra seg og. Elles så har ein annan av EMGS sine båtar – Mollie – vore her i Tromsø ei stund og. Kjekt å treffa litt kjentfolk og fått sett litt på den båten og. Ganske glad eg er her på Relume
Eg har vore litt lite flink til å trena desse dagane. Vi jobbar 8-18 og då er det lite tid til å få trent om ein og vil ta seg ein tur i land. Men eg har fått sykla nokre dagar og litt styrketrening tek ikkje så lang tid. I dag er det første dagen med opphaldsver så eg har tenkt meg ut på ein joggetur i måneskinn. Er eg heldig får eg sett litt nordlys og. Trur eg tek med meg kameraet så kanskje det kan bli nokre bilete. Men først må eg la middagen synka litt.
27. oktober
Ei kort oppdatering med nokre bilete eg tok i går kveld. Eg kom meg ut på ein flott joggetur og fekk oppleva eit flott nordlys undervegs.
28. oktober
Då er vi endeleg på veg ut igjen. Det har vore greie dagar i Tromsø, fått gjort litt anna enn å sitta framfor datamaskina heile dagen. Eg har snekra masse i og til den nye arbeidssjappa vi har laga til teknikarane. Kjekt å få gjort litt praktisk og få vera litt kreativ. Men som sagt, vi er endeleg på veg ut igjen. Vi reknar med å vera framme i arbeidsområdet i 3-tida i natt og då blir det heilt sikkert nokre hektiske dagar før det blir dårleg ver igjen.
Det blir og fint å koma inn i skiftrytmen igjen og få tid til å trena litt. Eg har som nemnd tidlegare vore litt slapp denne veka vi har vore i Tromsø. Og forhåpentlegvis kan eg bli litt flinkare til å oppdatera her og “Song for dagen” som eg heller ikkje har vore noko flink til i det siste.
29. oktober
Veldig roleg dag i går, såg film (Illusjonisten, ok), tv-seriar (battlestar galactica + CSI), vann bordtenniskamp (klar for semifinale i bordtenniscupen). Sykla i dag tidleg (5×6 min intervall). Mykje å gjera i dag, vi plukkar opp mottakarar og eg må prosessera data. Det tek lang tid sidan dei har stått ute så lenge.
30. oktober
Nordlys! Det var eit utruleg flott skue i går kveld. Nordlyset var sterkt og fargerikt medan det dansa over himmelen. Men som alltid skulle eg hatt eit skikkeleg kamera (og eit stativ som ikkje rører seg fleire meter opp og ned heile tida…
Sykling (15×2 min intervall). Ikkje så travelt i dag, mest å sjå øve data og senda til land.
31. oktober
Roleg dag (vi tauar), sykling (5×8min intervall), sett film (Grizzly Man, ikkje meir enn grei, hadde håpa den var betre). Lest bok (framleis “The God Delusion”).
01. november
Lite å fortelja, litt tankearbeid på byrjinga av skiftet, men etter middag har det vore lite, vi ventar på betre ver så vi kan plukka opp mottakarar. Då blir det nok straks meir å gjera.
02. november
Masse problem med prosessering, frustrerande, alt tek lang tid. Litt snø, kaldare,
03. november
Ikkje mykje spanande, framleis arbeid med prosessering av data. Les ny bok “Alle orkaners mor”, niande bok i Gert Nygårdshaug sin serie om Fredric Drum. Bordtenniskamp (semifinale) tap/siger?
04. november
05. november
06. november
07. november
08. november
09. november
10. november
11. november