Reisedagbok – Bodø juni 2007

06. juni, 2007 – 15:37 av Tor Helge Huse

06. juni

So var fem veker gått. Rettare sagt så har eg faktisk hatt fri i nesten seks veker denne gongen i og med at det blei tidleg heimreise frå Brasil. Eg reiste då via Madrid og Kanutte kom ned der og vi hadde nokre flotte dagar der. Men no er det altså tilbake igjen på båten, som i dag faktisk skiftar namn til “Stad Angler” då den er seld til eit nytt reiarlag. Eg reiste tidleg i dag i frå Gardermoen og til Bodø og gjekk på ved kai her. Eg veit foreløpig ikkje noko meir om kva som skjer framøve, kor lenge vi blir her nord, men reknar med at heimreisa i juli blir frå Canada.


Nett no vekslar det litt mellom å kjennast frykteleg lenge til 11. juli og at dette kjem til å gå fort. Forhåpentlegvis blir det jo det siste som blir gjeldande til slutt… Eg skal gå natteskift igjen, så medan vi er her i Norge er det litt keisamt med tanke på kva tid folk flest er oppe og tilgjengelege på msn. Men fram til no har vi ikkje hatt internettilgang så da har ikkje vore da stora problemet… Det er og forklaringa på kvifor eg er litt sein med å oppdatera sida, men kanskje ikkje på kvifor eg ikkje har rukke og skreve noke på dei fem vekene eg har hatt fri og vore heima. Får skulda på oppussing av (barne)rom, fint ver, at eg har vore to turar heima, sykla ein del og og litt på at eg har vore generelt lat :) Men eg reknar med at eg no skal få tid og lyst til å skriva litt her kvar dag og ta opp igjen “song for dagen”.
No e klokko ti på ti på kvelden og eg burde vel strengt tatt sove og ikkje lege i køya og skreve detta, men etter at eg vakna klokko halv ni etter bare to og ein halv time med søvn har eg ikkje klart og sova igjen. Litt kjedeleg, og eg blir nok trøytt i natt, men reknar med at eg skal klara å snu døgeret i løpet av morgondagen. Det har i alle fall ikkje vore noko problem før. Men no må eg prøva og sova litt, berre 35 dagar igjen!

07. juni
Natto har so langt gått frykteleg treigt, og endo har vi bare så vidt passert halvvegs i skiftet (klokko e litt øve halv sju no når eg skrive detta). Internett fungerar endo ikkje, noko som gjere at alt går endo litt treigare, men forhåpentlegvis byrjar folk å stå opp på land og no, så då blir det kanskje ei råd med det. Elles så har eg lest ein heil haug med gamle epostar og diverse dokument frå det mannskapet som gjekk av, mykje nytt som har skjedd sidan sist, så det er litt å ta fatt i.
Det er foreløpig veldig bra ver og så vidt antyding til bølgjer (ja, vi har forlete Bodø) så om det fortsette slik blir det bra.
No tek det veldig lang tid å skriva, då eg må retta annakvart ord for feilstavingar. Eg byrjar å bli litt trøytt, fekk ikkje sove meir enn omlag to timar i går kveld, blir bra å leggja seg ein gong etter skiftet. Men eg var utruleg flink og sykla faktisk ein halv time i går kveld før eg gjekk på sidan eg likavel ikkje fekk sova. Så slik sett byrjar jo turen bra.
Det er litt rart å gå ut på dekk no. Det er heilt feil temperatur i høve til det “skal vera”, det vil seia korleis det var i Brasil. Det “skal vera” varmt og klamt på dekk, ikkje kaldt som her. Det blir ekstra rart når alt ser likt ut, det er framleis blå himmel og stille hav, men temperaturen når ein går ut er heilt feil, og eg trur eg skal kle på meg noko litt meir i enn shorts og t-skjorte i morgon.

08. juni
Det har vore ei veldig roleg natt, i alle fall for meg. Vi har sett ut mottakarar, akkurat ferdige med det, og sidan vi no har bra med folk ombord, har ikkje vore med på den operasjonen. Litt kjedeleg, men vi får nok bra med ting å gjera vi og etter at vi er ferdige med tauing. Det startar vi vel med i løpet av nokre timar, så kanskje vi kan få data å arbeida med i løpet av neste skift :)
Som sagt så har vi nok folk ombord, det vil seie at eg ikkje har lugar for meg sjølv denna gongen heller. Vi er foreløpig tre FG’ar, ein heilt ny. I tillegg er det fleire nye i andre stillingar. Og heldigvis er det maritime mannskapet det same, var redd det kunne bli store utskiftingar der i og med at det er eit nytt reiarlag for båten no.
Eg var heldig før eg reiste ut og fekk bursdagsgåve på førehand av Kanutte (og babyen). Eg fekk ei fin lita tekanne og kjøpte meg litt te, so no får eg laga meg skikkeleg te på natta. I natt blei det ein eple og kanel-te som var ganske god. Elles så fekk eg sjølvsagt sykla litt (5×4min) i går før eg la meg (sov veldig godt forresten), og eg har og tatt opp igjen den lette styrketreninga eg byrja med på sist tur. Fekk ikkje gjort så mykje av det då eg var heima, så det var litt slitsomt :) No er det snart frukost og skal eg rekka styrkeøvingane mine før den må eg nesten starta no…

09. juni
Det har vore ei roleg natt i natt og, men plutseleg skjedde det ein del, det vil seia at eg fekk data å jobba med, så no e klokko to på tolv og eg skal eta lunsj/middag og eigentleg ikkje sitta ved datamaskina meir i dag. Så det blir ei kort oppdatering. Som sagt fekk eg litt data å arbeida med no på slutten av skiftet og det er jo kjekt.
Eg veit ikkje heilt kva eg skal finna på etter lunsj, det er mykje sol og fint ver, men eigentleg litt for kaldt til å vera ute, noko som er kjedeleg. Men kanskje prøve eg meg på ein liten time ute med ei bok før det blir trening :) I går blei det 6×5min intervall der annakvart var sitta og stå.
Elles så ete eg frykteleg mykje frukt for tida, mykje meir enn 5 om dagen i alle fall, nærare 10. Sikkert sunt. Og når eg snakkar om mat så kjeme eg på at det er pizzalaurdag i dag, så eg må skunda meg :)
Så til slutt blir det bare eit stort GRATULERA MED DAGEN ANDREAS! Og gratulera med dagen til Georg og.

10. juni
Skiftet i natt har gått fort, og klokko nærmar seg fort lunsj, så nok ein gong blir det ei kort oppdatering. Eg har stort sett prosessert data i heile natt, så det er eigentleg ikkje mykje meir å seia. Veret helde seg framleis ok, det er skya, men sjøen er flat og silkemjuk. Det endrar seg vel sikkert tidsnok til det verre.
Etter lunsj skal det vera ein “forlat skipet”-øving, så det blir vel ikkje tid til så mykje meir enn det og trena før eg skal legga meg igjen (i går blei det 4×7min ståande intervall pluss eit hardt 2 minuttars intervall til slutt).

11. juni
Kva skal eg sei? Ingenting spanande har skjedd. Litt rutinearbeid, ein god kopp te, eit par episodar med Scrubs og eit kapittel i boka (”Jonathan Strange & Mr. Norrell”, som eg har lest på sidan sist tur) summerar vel opp skiftet så langt. Og no er det bare ti minuttar til lunsj så det er tvilsamt at det skjer noko meir å fortelja om. I går fekk eg trent litt på sykkelen, hadde tenkt til å ta 6×6minuttar sittande, men det venstre kneet er litt kjedeleg, og trenge godt med oppvarming før det fungerar skikkeleg når eg site og trør. Difor blei det 2×6minuttar ståande intervall, så tre intervall med først eit minutt ståande, så eit minutt styrketrakk på venstre bein, så høgre bein eit minutt og det same ein gong til, før intervallet blei avslutta med eit nytt minutt ståande sykling. Til slutt avslutta eg med eit nytt 6 minuttars intervall… I dag skal eg ha “kviledag”, noko som betyr styrketrening og pull-ups på klatrebrettet. Blir vel tid til ein film eller meir boklesing og før eg skal legga meg.

12. juni
Ikkje så mykje å fortelja i dag heller. Det skjer jo sjølvsagt ein del, vi er i produksjon, men klienten vi jobbar for er veldig påpasseleg med at vi ikkje skal gje frå oss noko som helst informasjon. Så da…
Men at eg såg “Bandidas” i går kan eg nok fortelja. Den var ikkje spesielt bra, men grei tidtrøytte før treninga. Eg skulle ha kviledag i går, så då blei det berre styrketrening. Men det blei ein del lengre enn eg hadde tenkt (hadde ikkje med klokka), og då eg var ferdig hadde eg trent i ein og ein halv time. Kjenne det litt i armane i dag :)
Veret her ute er ganske bra i dag, ein liten kjølig bris, men faktisk litt sol, så eg har i alle fall vore litt ute, men det blir altfor lite frisk luft :( Etter at vi er ferdige med jobben der vi e no og skal til Canada er siste ryktet at vi skal innom Kristiansund, men foreløpig har eg ikkje nokon ide om kva tid det blir.
Etter lunsj trur eg det skulle vera eit HMS-møte/kurs som alle måtte vera med på, så det blir vel ikkje tid til så mykje anna enn det og sykling. Men sånn går no dagane, og det minkar på dei.

13. juni
Dagane her ute er no framleis like frå ein dag til ein annan. I natt har det heldigvis vore ein del å gjera, så skiftet har gått fort, faktisk snart lunsj :)
Eg har, sjølv om eg ikkje har vore mykje ute på dekk dessverre, studert fuglane bittelitt. Det er faktisk ganske mange av dei (ein eller annan type måke), og dei er nokså grasiøse der dei svevar fort, fort mellom bølgjetoppane. Dei er som regel ikkje meir enn ein halvmeter øve havet i jakta på ein uskuldig fisk. Men som sagt er det “mange” av dei, og då lure eg litt på om det faktisk er så mange overalt, eller om dei trur vi er ein fiskebåt og difor held seg i nærleiken i vente på at vi skal dra opp trålen (som vi sjølvsagt ikkje har). Det var dagens betraktning av fuglar :)
Eg trena sjølvsagt litt i går og, og det blei 6×4 minuttar med intervall på sykkelen i tillegg til den vanlege morgontrimmen med 4x(20situps+15pushups+15liggapåryggenogløftabeinaopp+15løftarygg+10benkpress puh!) før frukost. I dag blir det vel kanskje 6×5minuttar intervall.
Det er som sagt snart lunsj/middag og skal eg få gjort noko meir konstruktiv websurfing må eg byrja no…

14. juni
Eg skjønar ikkje korleis natta går så fort. Plutseleg er klokko passert halv tolv og det er tid for lunsj. Men eg klagar på ingen måte på det! Eigentleg har eg ikkje tid til å skriva noko meir no, så kanskje eg får utruleg mykje å fortelja i morgon?
Og treninga i går vart igjen intervall på sykkelen (4-5-6-6-5-4 min).

15. juni
Gratulerar med dagen Gro!
Trur ikkje det er meir å sei i dag. Dagane og nettene går fort, vi har meir enn nok arbeid no. Stor kontrast til dei to forrige turane, men det blir heldigvis ikkje stressande, i alle fall ikkje endo. Og så er det fint når utstyret fungerar, i alle fall stort sett heile tida. Og i dag er sjøen bortimot heilt roleg igjen. Men no skal eg opp og eta lunsj…
Trening i går var forresten 4×8min intervall…

16. juni
Tida går so fort. Klokko har igjen passert elleve og det er snart lunsj, og i dag er det pizzalaurdag. Berre tre igjen no. Meir er det ikkje å fortelja i dag heller, det er liksom ikkje så mykje nytt som skjer, og ikkje er det noko særleg eksotisk plass vi er på heller. Det blir kanskje endo mindre spanande sidan eg stort sett e innomhus. Temperaturen fristar ikkje til å vera ute i, så sjølv om veret elles e bra så blir det til at eg er (altfor mykje) inne. Men i går sat eg faktisk ute i ein liten halv time og las bok (framleis “Mr. Norrell & Jonathan Strange”, byrjar å bli litt spanande, skulle vel bare mangla etter øve 600 sider). I dag skal eg ha kviledag frå syklinga (i går sykla eg 2×6min ståande intervall, 3x(1min stå 4min styrketrakk, 1min stå) + 1min stå. Kjenne styrketrakka litt i låra, og litt i venstra kneet, men det e mykje betre no når eg har sykkelsko og ikkje joggesko som på dei tidlegare turane.
Men, no e da tid for pizza!

17. juni
Eg har ingen ide om kor 12 timar har forsvunne til, men da e av ein eller annan mystisk grunn so mange timar sidan eg stod opp og da betyr at det er tid for lunsj og fri. Har jobba bra heila natta med diverse rapportskriving og prossessering av data.
Etter lunsj blir det ei eller anna HMS-øving og so må eg sykla igjen (i går var det berre styrketrening og bordtennis).

18. juni
Stress i dag. Mykje å gjera, enkelte ting som ikkje fungerar som dei skal, i alle fall på slutten av skiftet, så eg er ganske trøytt og lei – litt lyst heim og slappa av i sengo heima akkurat no. Uansett så e da snart tid for lunsj og fri i tolv timar, så det blir i alle fall litt bra. Skal vel trena litt i dag og, sikkert trappeintervall (4-5-6-6-5-4). I går blei det 6×4min.

19. juni
Ikkje noko nytt her ute i frå. Vi er, om alt går etter planen, ferdige her vi er no i morgon til lunsj. Faktisk har alt gått etter planen til (planen har jo sjølvsagt endra seg litt undervegs, men det er ingenting som vi eller utstyret har skuld i som har endra planane). Det blir mest sannsynleg ein liten tur innom Kristiansund på fredag for forsyningar før vi skal ut i eit nytt område og gjera to korte jobbar før vi skal til Canada. Meir har eg vel ikkje å fortelja no, klokko e uansett lunsj so eg går no :)

20. juni
såg ein kval, sykla før skiftet sidan det var nokon som arbeida i treningsrommet på dagtid, spelte bordtennis, har fått ei (lita) senebetennelse i høgre handledd, ikkje styrketrening før frukost, kanskje etter lunsj. Klare for ein liten tur i land.

21. juni
Det blir berre korte oppdateringar på grunn av senebetennelsa, prøver å belasta den minst mogleg. I går spelte eg meir bordtennis (forsiktig med armen) og sykla (styrketrakk intervall) og elles lite. No er klokko akkurat passert sju, det er snart frukost og vi kan sjå land! Det blir inn til Kristiansund i dag, men eg reknar med vi reise ut igjen i kveld, då mot Nordsjøen.

22. juni
E litt treig med å oppdatera for tida. Vi var inne til Kristiansund i går, var godt å få ein tur i land, strekka litt på beina, eta ein softis i sola og sett litt andre folk enn dei som er på båten. Ein kan gå litt lei av å bare sjå dei same ansikta heile tida. Elles så har eg hatt fridag i dag frå trening. Vanlegvis skulle jo det ha betydd styrketrening, men sidan eg har fått denna kjedelege senebetennelsa og var i land til klokko var tre fann eg ut at det var best å ta heilt fri.

23. juni
Det er faktisk pizzalaurdag igjen! Det betyr at vi no er halvvegs, tida har verkeleg gått fort. Får håpa det går lika raskt den siste halvdelen og, sjølv om det kanskje blir litt lengre dagar på overfarten til Canada, når den ein gong startar. Akkurat tidspunkt veit eg ikkje noko om, men vi skal til ein stad som heiter St. Johns. Det er vel fare for at det blir litt meir sjø enn vi har hatt til no, i dag er det så stille som det er mogleg å få det midt på havet (nesten i alle fall).
Det blei trening på meg igjen i går, 6×5min sykkelintervall som gjekk ganske så fint. Eg fekk kjøpt meg noko støttegreier til handa så eg skal få minst mogleg belastning på denne. Trur det hjelpe.
Elles så ser vel alle at eg ikkje skrive så mykje her, er framleis ikkje så mykje spanande å fortelja om. Men eg prøve å koma med eit forslag til ein “Song for dagen” kvar dag.

24. juni
Eg bør vel eigentleg oppdatera tittelen på denna posten sidan vi for to dagar sidan passerte eit ganske stort “Troll“, noko som betyr at vi no tøffar rundt i Nordsjøen. Tøffar rundt er vel litt upresist, sidan vi er i produksjon og gjere “fornuftige” ting, i alle fall betalte ting. Men eg slappar ganske godt av sidan vi (FG’ane) er ferdige med arbeidet vårt i tilknytning til dei første oppdraga, og no berre må(kan i alle fall) sitta roleg og venta på data medan vi tauar. Eg har forresten kjørt litt fisk eg og i natt, så litt fornuftig har eg gjort, i tillegg til å læra meg litt Matlab og Excel. I tillegg har eg byrja på den tredje boka denne turen, no er det “Neil Gaiman” si “American Gods” (takk for lånet Øystein). Eg blei endeleg ferdig med “Jonathan Strange & Mr. Norrel”, den tok seg ein del opp frå side 600 sånn ca. Eg har kome fram til ei samanlikning mellom bøker og måleri: om ei verkeleg god bok er (i språk, skildringar mm) som å eit flott måleri er det å lesa “J. S. & Mr. N.” som å sjå på at måleriet bli måla. Resultatet er bra, men prosessen er ikkje så viktig, eller noko slikt. Den andre boko eg las var “Det niende prinsipp” av Gert Nygårshaug, ei bok i serien hans om den mat- og vin- glade kode/oldtid/deschiffering-eksperten Fredric Drum (og kriminaletterforskaren Skarpehedin Olsen, men han er ikkje med i denne boka). Historia er satt til Egypt og er ganske så spanande og, som vanleg når det gjeld Fredric Drum, inneheld det mykje mystikk og metafysikk og gamle kulturar. Eg har med meg endo ei bok i serien, og gler meg til den.
Elles så blei det sykkeltrening i går og (6×5 min, fekk køyrt eit par av intervalla sittande og det gjekk bra med kneet), eg trur høgre handleddet kjeme seg, kjenst ut som om støttetingen eg kjøpte i Kristiansund hjelpe. Og så er det meldt litt vind her i morgon kveld/natt til tysdag. I følgje met.no er 50 knop full storm. Blir spanande…

25. juni
Eg er som dåke sikkert har oppdaga, litt treig med å oppdatera her for tida. Det er vel, som eg har sagt tidlegare, fordi det ikkje skjer noko særleg spanande eller nytt i høve til dei forrige turane. Det blei heldigvis ikkje så gale ver i går kveld som det først var meldt, og eg sov no uansett gjennom alt og er i live :)
/p>

26. juni
Vi er ferdige i Nordsjøen, i alle fall den delen som er utanfor norske kysten, og surfar no på bølgjene mot Danmark. Vi skal ikkje heilt inn til kysten, blir faktisk i norske farvatn framleis. Det blir eit nytt oppdrag, denna gongen på veldig grunt vatn, blir spanande, raskt kan det i alle fall gå. Elles så er det ikkje noko meir å beretta, eg trente sjølvsagt i går óg (4x 10min “roleg” intervall). Dagen før i går trente eg styrkeintervall. Men no skal eg henta klesvaska mi og så finna meg lunsj/middag og ta fri. I dag er det igjen treningsfri, kan henda eg nyttar den ekstra tida til å spela litt bordtennis (skal vera forsiktig med handa) eller sjå ein film.

27. juni
I går blei det eit par sett med bordtennis mot Erlend, eg tapte to og vann eit. Elles så såg eg “Road to Guantanomo” og sov lenge. Det er skikkeleg dritt ver her, i går kveld og natt hadde vi opp i sterk storm med 58 knop vind i kasta (stabilt på 55 knop ein periode, 1 knop er 1,852 km/h). Det har roa seg bittelitt no, men framleis er det altfor store bølgjer (i dag tidleg var dei seks-sju meter) til at vi kan arbeida. Så i natt har eg sett to filmar (The Contract med Morgan Freeman og John Cusack som var ok, og Hoax med Richard Gere som var litt kjedeleg, og (ikkje fullt så) ok). Trur ikkje det blir noko trening på meg i dag dessverre, er ikkje særleg gøy å sitta på sykkelen (eller noko anna treningsapparat) i slikt ver, så då er det vel fare for at det blir anten å lesa bok eller sjå ein film til før eg legge meg. Håpar på å vakna opp til betre ver (men eg har ikkje blitt dårleg!).

28. juni
Eg fekk faktisk trent i går :) Vinden og bølgjene avtok ganske mykje, og då vi snudde båten og gjekk med bølgjene for å koma fram til areidsområdet vart det ganske så stille ombord. Så det blei 6×4min intervall. Det er godt å få rørt på seg etter tolv timar meir eller mindre sittande stille i ein stol.
I dag grensar veret opp mot å vera bra, trur eg skal ha meg ein tur ut og lesa litt etter skiftet. Vi er i produksjon no og tauar, og skal vel gjera det ganske lenge (2 linjer i eitt), så det blir nok litt roleg på meg, men litt har eg no endo å gjera, alltids litt rapportskriving og liknande som må fullførast.

29. juni
Det blei ganske hektisk på slutten av skiftet i dag, mykje som skjedde, så det blei ikkje noko oppdatering (skrive detta 30. juni). Men etter skiftet fekk eg slappa av ganske bra og lest ut boko (American Gods), den var ganske bra. No har eg byrja på ei ny bok, denne gongen er det “To say nothing of the dog” av “Connie Willis” (lånt av Øystein den og). Har foreløpig bare lest fyrsta kapitellet, er ikkje heilt sikker på om den er bra eller ikkje endo, men den har i alle potensiale.
Fekk og trent litt i går(28.), det var dagen for trappeintervall igjen (4-5-6-6-5-4-2-1 minutt).

30. juni
Det er pizzalaurdag igjen :) Akkurat no er eg skikkeleg svolten og gler meg veldig. Elles så er det ein del å gjera, så det blir ei kort oppdatering igjen. Etter planen skal vi inn til Stavanger i morgon. Blir nok bare liggande nokre timar før vi sette kursen mot Canada, men akkurat no går ikkje alt heilt etter planen. Så vi får sjå kva som skjer.
I går trente eg styrketrakk igjen, noko som ser ut til å gå betre og betre, det er stort sett ikkje noko problem å sitta og trø no lenger. Men eg er litt plaga i høgre armen framleis :(

01. juli
Det har vore ei veldig roleg natt. Vi har fått orden på alt utstyret og tauar, og sidan vi (FG’ane) har gjort ferdig det vi kan før vi får nye data har det ikkje vore behov for å gjera noko særleg. Så eg har nytta tida til å oppdatera albumet med ein del nye gamle bilete. La inn ein del frå bryllaupsreisa i 2005 og nokre frå litt klatring på Magerholm i 2005.
Og så har eg jo bursdag i dag, så då må alle gratulera meg med dagen :) Takk til alle som har gjort da på førehand eller via Kanutte!

02. juli
Det vart hektisk i dag. Mykje å gjera ferdig før vi kom til land og skulle senda data av skipet, men eg blei no ferdig med det i tide.
No e klokko halv tolv, og eg har vore oppe i nesten tre timar alt. Bare sove tre timar sidan i går kveld og, merkar at kroppen ikkje er heilt 100%, men skal ganske snart få lagt meg. Vi byrja med dagskift frå og med i morgon.

03. juli
På veg mot Canada, har byrja med dagskift. Det blei ein ganske lang dag i dag. Først og fremst kom eg ikkje i i køya før klokko tre i natt og sov ikkje lengre enn til klokko sju. Det har vore litt å gjera for meg, men har stort sett blitt sittande med mitt åleina i instrumentrommet. Alle andre har andre ting å ta seg til andre plassar enn instrumentrommet (trur det var ny personleg rekord i bruk av ordet andre). Litt avslappande, men og litt kjedeleg å ikkje ha folk rundt seg.
Vi har og fått nytt stereoanlegg og fjernsyn/DVD i gymmen, og det måtte eg sjølvsagt testa ut, så eg sykla trappeintervall (1-2-4-5-6-6-5-4-2-1 minutt) og sit-ups og ryggøvingar. I går var det 8×4min intervall, eg har vel funne ut at eg skal auka innsatsen litt dei siste dagane før heimreisa. Gler meg sånn til å koma heim!

04. juli
Ikkje noko spesielt spanande å beretta i dag. Litt forskjellig arbeid ved datamaskina så timane har no gått rimeleg fort. Det er middag no, trur ikkje eg skal gjera så veldig mykje etter det, men vi har hatt ein liten taue test med ein mottakar for dei nye klientane ombord, og den testen er akkurat ferdig, så eg får bittelitt å gjera når vi får mottakaren ombord. Og so blir da nok trening i dag (styrketrakk) og. Og eg har endo meir lyst heim i dag!

05. juli
5×10min intervall.

06. juli
Treningsfri.

07. juli
Eg er i live. Vi mista tilgangen til internett og telefon tidleg i går, og vi greide ikkje å få den tilbake før rett øve midnatt. Det blei ein lang arbeidsdag, og i dag er eg litt trøytt. Trur eg blir litt sleten i kroppen av å ikkje koma inn i noko fast dagsrytme. Det blir heile tida justeringar på klokko no når vi flyttar oss aust, no er vi to timar etter norsk tid. Og i natt skal vi stilla klokko tilbake nye ein og ein halv time. Eg veit ikkje heilt kor den halve timen kjem frå, men slik er det no i alle fall.
Telenor har og hatt problem med tilkoplinga vår heime, så difor har telefonen og heimesida våre utilgjengeleg dei siste dagane, og det har og ført til at eg ikkje har fått oppdatert heimesida. Skal prøva å koma tilbake med oppdateringar og song for dagen, men no må eg ha frisk luft.

Det er faktisk siste pizzalaurdagen i dag! Blir utruleg fint å koma heim, og gler meg til å ha ferie på Sjøholt ei vekes tid.

08. juli
Eg e ikkje så flink til å oppdatera likavel. Sjølv om eg sitte framfor datamaskina stort sett heile dagen så blir det ikkje til at eg orkar å skriva noko særleg. Byrjar å bli ganske så lei datamaskina (og spesielt Matlab), og så er det så kort tid igjen at det verkar litt bortkasta å skriva noko her.
Uansett, det gyngar godt her ute på bølgjene blå, men vi har dei stort sett rett i mot, noko som gjere at det ikkje er så veldig ubehageleg, eg blir i alle fall ikkje dårleg. Men det er litt slitsamt å jobba og konsentrera seg. Og det har heller ikkje blitt noko trening på meg i kveld (sit-ups i dag tidleg). I går fekk eg 8×4 min intervall (sittande) medan eg såg tre episodar av Family Guy, ein god kombinasjon.
Vi har stilt klokko igjen natt til i dag (1 og ein halv time) og skal stilla ho ein time tilbake i natt og. Så då blir da vel noko slikt som fire og ein halv time i tidsforskjell. Men no må eg nesten lesa litt om eg skal bli ferdig med boko før eg kjeme heim.

09. juli
3

10. juli
2

11. juli
1

Post a Comment