Reisedagbok – Brasil mars 2007

26. mars, 2007 – 15:37 av Tor Helge Huse

26. mars

Fem veker går altfor fort, spesielt når dei kun er fire veker og to dagar lange, og ein har det veldig bra. Så no e eg på veg ut i den store verda igjen, turen går og denne gongen til Brasil, men vi skal litt lenger sør, og kjem til å gå på båten i Rio de Janeiro, og i tillegg får vi ein heil dag til å oppleva byen på! Men det er ei ganske lang reise der, først til Paris og deretter direktefly til Rio.


Flyreisa gjekk eigentleg ganske så bra, men Air France-jumboen frå Paris til Rio var utruleg kjip med tanke på underhaldning. Kun eit par skjermar i heile flyet og dei viste dårlege (dubba sjølvsagt) filmar. Ikkje så veldig imponerande akkurat. Eg trudde og eg var lur og bytta sete slik at eg fekk eit ved midtgangen, men da var plassert rett ved eine “kjøkenet” så der var det folk som kom og gjekk heile tida. Men eg fekk no sove ganske bra, og spelt litt på PSP’en så flyturen gjekk overraskande fort og greit.

27. mars
Vi landa tidleg i Rio, klokko halv seks lokal tid (fem timar forskjell frå heime i Norge). Det er plass til frykteleg mange personar ombord på ein jumbojet. Sjølv om vi var det einaste flyet på den tida av døgeret, danna det seg ein lang kø for passkontroll, men vi kom alle gjennom til slutt, og eg fekk til og med bagasjen min!
Køyreturen inn til sentrum gjekk fint, det var ein del trafikk, i alle fall mykje meir enn eg er vant til frå Norge, og køyrestilen er ikkje heilt som heima. Det var skifting av fil i eitt sett, men mykje mindre tuting enn eg hadde venta. Vart og overraska over kor lite respekt folk hadde for til dømes ambulansar. Det kom ein ulande bak oss (sjåføren vår var faktisk ganske hensynsfull og bytta fil slik at i alle fall ambulansen kunne koma forbi oss) men det tok lang tid før den faktisk greide å koma seg fram og passera oss, og ei stund gjekk det mykje fortare på fram med oss enn med den. Ingen som flytta seg noko særleg. Glad det ikkje var eg som låg i den. Elles var det (sjølvsagt) store kontrastar å sjå, med gribbar overalt (både i tydinga levande dyr og metaforisk bilete). Ein ting som var overraskande og positivt var at “alle” gjekk tur. Dette var tidleg på morgonen og vi såg masse folk som var ute og gjekk både rundt idrettsbanar og langs strendene. Både eldre og yngre folk. Noko slikt ser ein aldri i Norge, og i alle fall ikkje på ein vanleg kvardag. Veldig bra :)
Vi fekk eit bra hotell med store, fine rom, og eg fekk tatt ein dusj og ete frukost før Rio venta på oss. Men først tok vi ein tur opp på taket av hotellet og fekk oss ein øl i sola (altfor tidleg etter min smak, men litt fint likavel). Etter det tok eg og Tom (den andre feltgeofysikaren) ein drosje til Sukkertoppen, eller rettare sagt til taubana som tek oss opp til Sukkertoppen. Ein fin tur med to taubanar, flott utsikt. Vi såg og to som var i ferd med å bestiga Sukkertoppen med klatretau, såg ganske fint ut i sola. Det er ein ganske spesiell, i alle fall i høve til det meste av Norge, natur og geologi i og rundt Rio.
Etter å ha vandra rundt på toppen, tatt ein heil del bilete og teke taubana ned igjen var vi klar for ein is. Eg kjøpte meg ein pasjonsfrukkuleis. Nam :)
Vi tok ein drosje tilbake til Copacabana (hotellet låg bare eit par kvartal i frå stranda) og møtte Erlend og Aslak på ein strandbar. Dei var allereie godt i gang med øldrikking, men eg var i alle fall ikkje så interessert/klar for det, så eg bestilte ein ananasjuice (ferskpressa sjølvsagt). Eg tok meg og ein tur frå baren, som låg ved vegen, og kryssa stranda på tvers og ned til havet. Vassa litt og blei våt på shortsen, og pengane som låg i den, men tørka stort sett på veg opp igjen. Fotblada fekk i alle fall prøvd seg. Det var VARMT i sanda. Etter eit lite måltid og litt meir drikka fann vi ut at det var tid for å vitja Jesus. Vi tok ein drosje. Vegen var ganske lang og veldig bratt med jungel på sidene. Spanande tur, og vi lurte litt på korleis det skulle gå på vegen ned. Jesus hadde fin utsikt der han sto oppe på toppen sin, heldigvis hadde skydekket letta litt sidan eg og Tom var på Sukkertoppen, for då var Jesus inne blant skyene. Etter at vi hadde kikka oss rundt ei stund fann vi drosjesjåføren vår igjen (han venta på oss) og han tok oss ned til Ipanaema-stranda. Vi overlevde turen ned, men det lukta godt av svidde bremser det siste stykket (trur aldri sjåføren nokon gong har lært seg å bremsa på gira, men bremsa med handbrekket kunne han). Ipanaema var ei lika bra strand som Copacabana, og bygningane og butikkane rundt var av ein litt høgare standard enn dei ved Copacabana verka det som. Vi fann oss ein strandbar der og, og fekk oss litt vatn og ei kokosnøtt å drikka på. Då vi var ferdige med å drikka opp (mykje væske i ei kokosnøtt) vandra vi langs stranda tilbake mot Copacabana. Erlend og eg vart svoltne, og bestemte oss for å kjøpa kvar sin maiskolbe frå ein gateseljar. Det skulle visa seg å vera ein stor tabbe. Men det smakte i alle fall godt der og då.
Etter å ha vandra halve Ipanaema på langs freista ikkje fleire kilometer langs Copacabana så mykje, så vi tok ein taxi tilbake til hotellet og fekk oss ein dusj før vi gjekk ut til middag. Eg kjøpte mange postkort, og fekk nytta tida medan vi venta på maten til å skriva dei. Dei andre syntest eg var veldig flink… Middagen var ok, det var store porsjonar, og den brasilianske raudvinen var god. Rett før vi gjekk til middag fekk vi beskjed om at vi måtte opp til klokko sju morgonen etter for å ordna pass/visum bestemte eg meg for å ta ein tidleg kveld og vandra heim. I tillegg var eg ikkje heilt god i magen, men det trudde eg hadde med all maten å gjera…

28. mars
Først bare ei kort oppdatering for å fortelja dåke der ute at eg er i live. Men eg har sjølvsagt fått ei matforgiftning, og er ikkje heilt i form til å skriva så mykje akkurat no. Eg er komen på båten og alt elles er bra, magen byrjar og å bli betre etter ei natt med konstant oppkast… Skal skriva meir når eg føle for da…
Det har vore ein dårleg dag! Det byrja omlag ein time etter midnatt. Eg vakna og vart overraska øve at eg framleis var kvalm. Gjekk på badet akkurat i tide til at eg fekk kasta meg øve toalettet og kasta opp. Sovna igjen til slutt, men vakna etter ein liten time og kasta opp igjen. Slik gjekk natta fram til eg måtte stå opp for å møta dei andre. Då var eg såpass tom i magen at det ikkje var noko å kasta opp med det første, men eg var framleis skikkeleg dårleg. Eg møtte Erlend, og han hadde hatt ei lika hyggjeleg natt som meg. Vi fann raskt ut at det måtte vera maiskolbane vi hadde kjøpt, for det var den einaste fellesnemnaren for oss to i høve til dei andre. Til slutt kasta eg opp ein siste gong rett før vi reiste frå hotellet, då hadde eg lidd meg gjennom eit langt møte der vi blei tekne bilete av og måtte avgje fingeravtrykk for å få visum. Då vi kom på båten byrja eg å føla meg litt betre, og fekk faktisk i meg ein tørr kjeks eller to utøve kvelden. Eg sov eit par timar før middag (som eg ikkje rørte så mykje av), og etterpå var det ei ganske så avslappa stemning blant alle. Og alle er ganske så mange denna turen, noko som dessverre betyr at eg ikkje får eigen lugar. Litt kjedeleg, men kjem nok til å gå greit i og med at Tom, som eg dele lugar med, går motsatt skift av meg (noko som er opplagt sidan han e den andre FG’en). Vi er faktisk alt for mange tykkjer eg, i alle fall i høve til den jobben vi skal gjera, men dei aller fleste av oss emgs-folk er heilt nye, så det blir nok ikkje slik på alle turane framøve, reknar med at dei blir spreidd på andre båtar etterkvart.
Vi såg ein film på kvelden, “Lemony Snicket’s A Series of Unfortunate Events” med Jim Carrey. Ganske bra faktisk, men ikkje fantastisk. Eg har og byrja på ei ny bok, “Hundene i Riga” av Henning Mankell. Trur den kan visa seg å vera bra.

29. mars
Eg sov godt i dag, men eg vakna nokså tidleg og var veldig svolten. Føle meg klar for ein ny dag, kanskje eg kan klara å få litt sol på kroppen. Det er og snakk om å ta ein tur inn til land og sjå litt på nattelivet i Rio i kveld.
Det har ikkje skjedd noko særleg i dag, har vore ein roleg og behageleg dag. Godt med ein slik dag etter å ha vore dårleg. Eg har fått litt øvesikt øve kva som er gjort av dei som vi byta med, og litt meir informasjon om kva som er planane framøve, men dei kan jo endra seg frå time til time…
Det er og masse nye folk i høve til sist gang, og nesten for mange synest eg. Vi klarte oss jo ganske så bra sist, sjølv om ein eller to til ikkje skadar. Men no er det 6 fleire emgs-folk (2 som skal bli teknikarar og 4 matrosar), og i tillegg er det 4 MMO’ar (2 gutar og 2 jenter som er observatørar for IBAMA, som er dei brasilianske myndigheitene som lagar reglane for oss) og ein lege (ei dame). I tillegg trur eg det er fleire av det maritime mannskapet no enn sist og, men dei har eg ikkje heilt oversikt. Det blir trangt, og ingen sjans for eigen lugar dessverre.
Vi kjem til å reisa ut i natt eller i morgon tidleg og etter det har vi eit par dagar med transit til området vi skal arbeida i. Eg har teke nokre bilete, men dei må eg legga ut seinare sidan vi skal byrja å gå skift i natt, og eg må få litt søvn.

30. mars
Sov eigentleg ganske dårleg i går kveld før skiftet. Først sov eg to timar før eg vakna i sekstida og fekk ikkje sova. Då fekk eg plutseleg veldig lyst heim… Las litt meir i boka mi (’Hundene i Riga’), og sovna til slutt etter nesten to timar. Då sov eg godt, men vakna litt innimellom av at romkameraten min (Tom) byrja å kasta opp. Har jo det friskt i minnet så synest synd på han.
Skiftet har gått verkeleg roleg, nesten ingenting å gjera på, men eg og Erlend har nytta tida til å sjå litt på ‘Twin Peaks’, ein serie eg aldri har sett før, og sidan det bare var sesong 2 Erlend har med seg blei det litt vanskeleg å få med seg alt for min del, men fengande likavel. I alle fall til enkel tidtrøytte her ombord.
Elles så har det vore ein stor dag for emgs, då firmaet har gått på børs i dag(Oslo børs, ticker EMGS). Det er veldig stor interesse for selskapet i dag i alle fall. Suverent mest omsatt av alle på heile børsen, blir spanande å sjå korleis det går framøve.
Eg har og akkurat sykla i litt meir enn ein time (4 intervall på 8 minutt, 4 minuttar pause i mellom), godt å få rørt litt på seg igjen etter å ha vore dårleg, og ikkje så verst tidtrøytte heller.
Vi kjem vel til å forlata ankringsplassen vår her utanfor Rio i løpet av eit par timar, blir godt å få koma i gang og la tida fly (håpar eg :) ). Men no er det frukost og eg er svolten…
Resten av skiftet forsvann utan at noko spanande skjedde. Einaste er at vi er ute på tur igjen. Eg la meg ut ei stund i sola og såg at vi tok opp ankeret og segla forbi Sukkertoppen og la Rio bak oss. Eg har lese ut Henning Mankell boka om Kurt Wallander og hundane i Riga, og har no, utruleg nok etter første boka, byrja på bok nummer to i Robert Jordan sin serie ‘The Wheel of Time’. Håpar verkeleg at denne er betre Øystein :)
Elles har eg fått trent litt meir, no vart det diverse styrkeøvingar og 4×5 minuttar intervall på sykkelen. Satsar på at eg klarar å vera lika flink i fortsetjinga og. Eg skal få meg litt mat no, og so skal eg legga meg. Blir sikkert litt meir å gjera på skiftet i natt, men ikkje så veldig travelt endo, det blir først på mandag.

31. mars
Veldig lite som skjer akkurat no. Utstyret skal fungera og vi seglar mot området vi skal jobba i. Då er det ikkje særleg mykje å gjera på anna enn å slappa av. Eg har sett litt på ‘Batman’. Den gode, gamle fjernsynsserien med “biff”, “bang”, “poff” og “au”. Gøy :) Elles har eg spelt litt på PSPen og lite anna. Skal forsøka å få trent litt før lunsj og.
Resten av skiftet har vore lika hendelseslaust, eg har fått spelt mykje Sid Meier’s Pirates på PSPen og trent ein god time (styrke og 4×7 min intervall på sykkel) før laurdagspizza til lunsj. Kun fire igjen :)
No blir det litt oppfrisking av miljøkunnskapen som dei brasilianske oppassarane våre skal ta seg av, og so blir det vel ein liten tur ut i sola for å lesa bok og slappa av. Det ser ut til at det er litt dårlegare ver no, men kan henda da bare betyr at det er akkurat passe med sol.

01. april
Eg skulle nær sagt som vanleg, men det er også i dag lite å fortelja. Som ein kan leggja merke til øverst har eg lagt ut nokre bilete frå turen så langt. Klikk på biletet for å koma til galleriet. Vi nærmar oss jobbområdet, faktisk reknar eg med at vi er i gang med utsetjing av mottakarar når eg går på skift i natt. Det blir bra, og det blir heller ikkje så travelt på meg no trur eg, sidan vi no har fått fleire matrosar som tek seg av inn- og utsetjing av utstyr. Vi hadde og ei lita øving i dag, ikkje noko særleg, bare litt forteljing og forklaring rundt redningsflåtane, sjukestova og oljesølberedskap. Dette var sjølvsagt etter lunsj, og i tillegg hadde vi eit lite emgs-mannskapsmøte rett etter det, så då gjekk store delar av fritida mi i dag vekk :( Eg fekk meg no likavel ein time i sola og ein time med trening (roleg jogg i nesten 40 minuttar og styrketrening). No skal eg prøva å legga meg til å sova, klokko e ti øve halv fem, altfor mykje, men “Wheel of time”-boko ligge ved sida av puta og freistar. Den er faktisk ganske så bra :)

02. april
Travel natt og dag! Eller eigentleg ikkje så travel, opptatt er kanskje eit meir dekkande ord. Som eg forventa hadde dagskiftet byrja med utsetjing av mottakarar og det held vi framleis på med (klokko e kvart på fira på ettermiddagen og eg skal legga meg). Reknar med at vi kanskje blir ferdig med klargjering og utsetting av mottakarar i løpet av skiftet vårt i natt, og kan byrja å taua i morgon tidleg. Vi kan ikkje starta kjelda om natta på grunn av nokre IBAMA (brasilianske oppassarane) reglar (det er diverse reglar vi må følgja, men dessverre er dei tilpassa seismikk, og dei er ikkje så veldig relevante for det vi gjere… men det skal koma nokre IBAMA folk ombord i løpet av veka og sjå kva vi faktisk gjere, og forhåpentlegvis resulterar det i nye reglar for EM). Det er konstant arbeid med klargjering av mottakarane, så tida går ganske fort, men det er ikkje så veldig mykje for meg å gjera, det blir mest overvaking og opplæring av dei nye folka. Litt kjedeleg å ikkje gjera noko faktisk arbeid sjølv, men det kjeme nok i massevis når vi får ombord igjen mottakarane og får data og arbeida med. Eg har lest i sola etter lunsj (ein time++) og har no trent i litt øve ein time (5×4min intervall på sykkel og styrke). Skal prøva å få lagt meg no etter ein dusj, blei litt for seint i går.

03. april
Mottakarar, mat, sol, trening og søvn. Slik går dagane no. Det skjer ikkje mykje nytt no for tida, og eg har ikkje heilt sett det store behovet for å endra på rutinane mine endo. Det er trass alt ikkje så ille å ligga ein time i sola og lesa ei spanande bok. Og trena litt, i dag blei det 5×4min intervall på sykkel, men ikkje styrketrening. Har funne ut at i dag skal eg i alle fall få lagt meg i senga tidleg, kan henda det blir ei lang natt i og med at vi no har fått kjelda i vatnet og skal i gang med tauing. Då blir det nok ikkje fullt så travelt på oss, kan til og med henda eg får tid til å ta meg ein liten halvtime i styrkerommet.
Som dåke skjønar så er det ikkje mykje å fortelja, og det er litt frustrerande. Hadde håpa eg kunne fått skreve ned ein masse tankar om alt mogleg her i reisedagboka, men foreløpig har det ikkje blitt det. Tankane ser ut til å forsvinna i løpet av dagen før eg sete meg ned her framføre datamaskina rett før eg legge meg. Og når eg skal legga meg vil eg liksom ikkje bruka så mykje tid på å skriva og tenka altfor mykje. Kanskje er eg bare lat. Kan håpa eg får litt meir tid og initiativ til å skriva her når vi får rolegare skift og eg blir sitjande meir nede i instrumentrommet framføre datamaskina der. Kan henda det skjer alt i natt? Men no er det leggetid :)
PS: Eg har ikkje heilt oversikt øve kva tid påska byrjar, men god påske til alle kjente og ukjente!

04. april
I dag har det vore ein ganske så roleg dag for meg på jobb. Vi hadde byrja å taua då vi gjekk på skift, og alt var fryd og gammen ganske lenge. Men då vi nesten var ferdige med ei linja fekk sjølvsagt problem og måtte avbryta. Veldig kjedeleg, og sidan vi og skulle få folk ombord i dag måtte vi ta opp kjelda igjen. Men det var ikkje eg med på i det heile tatt, vi har no folk til slikt :) så eg har stort sett leika meg med ein masse småting som må/kan gjerast klart til vi faktisk får data. Eg fekk til og med tid til å trena litt styrke før frukost.
Rett etter lunsj kom endeleg besøket vårt (IBAMA folk). Dei kom med helikopter, og det var litt spanande å stå på toppdekk og sjå dei landa. Etter det var det sol, sol, sol i ein og ein halv time. Og så litt trening, 4 min intervall på sykkel igjen. Eg har funne ut eg skal prøva å ha tre dagar med intervall, så ein litt rolegare dag med jogging/styrketrening og så tre nye dagar med intervall. I dag var siste dagen med intervall, og dei to forrige dagane har eg kjørt 5×4min sittande intervall, og det ville eg prøva i dag og. Men venstre kneet var litt ekkelt, fekk liksom ikkje strekt det ut skikkeleg, det blei ein liten kneppelyd i det innimellom. Eg har hatt det før og, og trur det kjem av at kneet er veldig følsom for sittestilling og vridninga, og når eg kun har joggesko festa i sånne gamle pedalfester og sykkelen ikkje akkurat er veldig bra på fininstilling blir det gale. Men det går bra og stå og trø, så eg måtte gjera det. Får håpa eg finne ut av det og at ting blir betre etterkvart.
Elles så har vi fått ny kokk ombord, eller rettare sagt ein kokk til ombord. Det skal vera to, men den eine som var med på forrige tur er heime i Norge med sjukemelding, og til no har det bare vore ein. Eg håpar det no skal bli litt betre mat på nattskiftet, for den har vore ganske tragisk til no (skjønar godt at han kokken som har vore aleina til no ikkje har hatt tid/ork til å gjera meir enn det han har gjort). Uansett så ynksje eg meg veldig skikkeleg brød til mat på natta.

05. april
I dag blei da litt travelt på jobb. Vi tok ombord mottakarane for eine linja vi taua for eit par dagar sidan, og samstundes som vi tok opp dei og lasta ned data måtte vi gjera dei klare til ei ny linje. Det blei litt att og fram mellom mottakarbua og instrumentrommet for min del, men kjekt å få prosessert og sett på litt data!
Etter lunsj har det vore det same som alle andre dagane, det vil seia sol, bok, trening og no i senga. Vi har vore heilt utruleg heldige med veret so langt på turen, bare sol og ikkje noko som ein gong liknar på ei bølgje. Heldigvis er det akkurat passe med vind oppe på heildekket slik at ein ikkje blir heilt steikt av sola. Ein merkar i alle fall ikkje at ein blir steikt :) Men eg blir no ganske misunneleg når eg høyre at folk heima har snø og skal på fjellet og stå på ski i påska, får ta det igjen med toppturar i heile mai.
Trur det kan bli litt tid til å oppdatera litt her på skiftet i natt, det er litt dødtid når ein prosesserar data, så kanskje eg kan legga ut eit par bilete til om eg hugsar det…
Og for min eigen del, i dag trente eg 20 min roleg jogg på tredemølla, styrketrening på rygg, mage og armar, 20 min roleg jogg igjen og avslutta med litt meir styrketrening.

06. april
Roleg dag på jobb i natt. Tom hadde fått gjort ferdig resten av prosesseringa på skiftet sitt og sendt av garde til kontoret på land, så då var det eigentleg ikkje noko for meg å gjera. Og sidan vi tauar ei ny linje, og det er den definitivt rolegaste perioden sat eg for det meste og las bok heile skiftet…
Etter lunsj har det vore same rutine som dagane før, ut på helikopterdekk og ligga der ein god time og lesa bok, før eg gjekk ned i trimrommet og sykla litt (15×2min intervall). Og no sitte eg her og hadde tenkt meg veldig tidleg i senga, men ser at klokko alt har passert fira og eg må ha meg mat før eg legge meg. Litt kjedeleg at eg igjen går glipp av grilling, den har dei sjølvsagt til middag, og det er for seint for min del. Kan håpa på at dei tek det til lunsj ein eller annan gong.

07. april
Kan vel nær sagt sjå på gårsdagen for å oppsummera dagen i dag. Rett nok e klokko bare elleve no, men det har vore roleg for meg i dag og. Vi var ferdige med å taua ei linje eit par timar ut i skiftet, og deretter tok det eit par timar å få opp kjelda frå nærare 3000 meter. Så det var eigentleg ikkje noko særleg å gjera før rett før frukost. Eg fekk lasta ned litt data frå fisken og arbeida litt med dei før frukost og etter det har eg ikkje gjort noko anna enn å lesa ut boka (”Wheel of time”-boka). Den haldt seg nokså bra heilt til slutten, og eg har i alle fall meir lyst til å lesa neste bok no enn då eg var ferdig med første, men samstundes er det veldig frustrerande å ha lese to mursteinar på 700 sider utan å verkeleg ha nærma seg slutten. Det følest i alle fall som om forfattaren heile tida utsette sjølve “slutten” på heile historia og introduserar litt nye element for å få ein slags slutt på kvar bok. Og eg trur det er åtta bøker i serien…
Eg har og lagt ut eit par nye bilete frå dagen vi fekk besøk av helikopteret. Dei kan ein finna i galleriet. For 2 minuttar sidan var helikopteret her igjen forresten, so no e vi kvitt eit par folk. Ikkje at dei har plaga oss i det heile, eg har knapt sett dei, men eg trur det har vore bra dei har vore her, og at vi får endra på ein del av dei reglane vi har måtta forhalda oss til.
No skal eg ned i treningsrommet og ta nokre sit-ups og push-ups før lunsj. Deretter blir det heilt sikkert ut i sola for å lesa litt i ei ny bok, eller kanskje eg kan sova litt på helidekk. Sikkert ikkje lurt… Det er forresten laurdag igjen (da veit sikkert alle heima, men her er dagane like så det er ikkje så lett å halda oversikt), og det betyr laurdagspizza til lunsj. Bare tre igjen etter denne!

08. april
Som vanleg ikkje så mykje spanande å fortelja. Vi fekk tatt opp ein del mottakarar i natt og da gav meg ein del data å jobba med. Noko som er kjekt fordi tida går litt fortare og det heile følest litt meir meiningsfylt. Elles har eg vore ute i sola ein time no, lest litt i “Tilfellet G” av Håkan Nesser. Kriminalroman som kan visa seg å vera bra, akkurat i dag er eg litt fro trøytt til å la meg engasjera skikkeleg. Klokko e no bare ti øve halv to, og eg har tenkt til å vera litt flink til å trena ein time no (5×4min intervall på sykkel, same som i går, og litt styrke) og så faktisk legga meg tidleg. I går var eg i køya til klokko fira, men blei liggande å lesa eit pc-spelblad av alle ting. Eg har ikkje spelt eit dataspel på fleire år så eg veit ikkje heilt kvifor eg lot meg engasjera slik. Uansett so e resultatet at eg e litt for trøytt no. Eg trur vi byrjar å taua i løpet av natta så då blir det igjen roleg og avslappande å vera ombord :)

09. april
Har stort sett jobba heile skiftet i natt med analyse av data. Faktisk ganske gøy no når eg forstår litt meir av kva som foregår og skjønar kvifor vi gjere slik og slik. Elles er det ikkje særleg meir å fortelja frå skiftet i alle fall. Vi tauar framleis, og kjem vel til å gjera det nesten heile neste skiftet og, og sidan vi (Tom og eg) er ferdige med å behandla data og fått sendt dei avgarde så blir det vel nokså roleg.
Elles så har vi hatt ei “forlat skuta”-øving i dag, og den gjekk øve i ei “mann over bord”-øving. Og eg sov litt i sola etter lunsj og øvingane. Veldig behageleg, men det var så vidt eg klarte å koma meg ned i trimrommet og ta litt styrkeøvingar etter det. Eg hadde og ei bizarr oppleving med klesvaska mi i natt. Eg satte på ei maskin til vask då eg gjekk på jobb, men då eg skulle putta den i tørketrommelen var alt vekke. Fann ikkje klea i det heile, ingen av dei andre som jobba i natt hadde sett noko. Eg måtte henga opp eit par lappar, og då eg gjekk ned for å trena var klea plutseleg der i ein pose. Merkelege greier, men alt var no der…

10. april
I natt har ikkje gjort noko som helst. Bare slappa av og lest bok. Litt kjedeleg, men fint å snakka med folk på msn. Og boka er bra så tida har gått fort likavel. Blir nok meir å gjera på neste skift då vi er ferdige å taua og det skiftet som er på no byrja å ta opp mottakarar. Då blir det sikkert litt data for meg å leika meg med.
No har eg akkurat ete lunsj og smurt meg inn med litt solkrem og skal ut for å leggja meg i sola som vanleg. Blir vel liggande der ein time eller to før det blir trening (sykkelintervall 4×7 minutt og litt styrke) før eg legge meg igjen. I dag skal eg prøva å stilla alarmen rett, i natt stod eg opp ein time for tidleg utan at eg merka det før eg kom ned i instrumentrommet og Tom syntest eg var litt tidleg ute for å avløysa han.

11. april
Ting går eigentleg som på skinner med produksjonen vår no, i motsetnad til sist tur. Eg har brukt heile natta til å analysera og behandla data, så skiftet har gått veldig fort. No blir det sikkert roleg igjen i natt, men eg finne nok på noko å gjera.
I går blei eg liggande litt lenge i sola, eller det var ikkje så mykje sol, og lesa ut “Tilfellet G.” Den blei spanande på slutten, men eg blei litt skuffa og, fordi slutten på ein måte verka litt for konstruert/tilpassa til at det var siste boka i serien. Uansett så har dei tre bøkene eg har lese i Håkan Nesser sin krimserie om førstebetjent Van Veetern vore veldig bra, og kan anbefalast til alle som set pris på god krim. Eg har ikkje byrja på noko ny bok endo, i dei korte friperiodane eg har hatt i natt har eg spelt litt “Sid Meiers Pirates” på PSP. Eg kjem vel til å byrja på ei ny bok no ganske snart, men eg ventar kanskje til i natt. Det er ikkje noko særleg ver å ligga ute og lesa i no uansett. Ikkje det at det regnar, men det er no overskya og bles litt meir enn det har gjort, og når vi har vore så bortskjemte med strålande sol tidlegare på turen kan eg nytta høvet til kanskje sjå ein film og trena litt lengre enn vanleg. Sova lengre burde eg og få gjort… Det betyr vel eigentleg at eg bør byrja med det same.
PS: Ivar har bursdag i morgon, og sidan eg vanlegvis oppdaterar her ganske seint, i alle fall norsk tid, nemner eg det no :) Gratulerar Ivar!

12. april
Ganske så roleg natt i dag og, Tom fekk gjort ferdig det som stod igjen av dei data vi har fått foreløpig, så det har bare vore litt rapportskriving på meg. Og så har eg surfa ein del på nettet og sikla på sykkeldelar. Gler meg veldig til å koma heim og få mange mil i beina på sykkelen heima!
Eg skreiv i går at produksjonen går på skinner, noko som gjaldt heilt fram til for ein liten halvtime sidan. Då forsvann all straum og maskinkraft ombord. Alt blei svart og det blei stille. Utruleg kor mykje støy ein til vanleg blokkerar og ikkje legg merke til. Vi har heldigvis bra UPS system ombord, så alt av datautstyr (maskinvare, ikkje skjermar) var operativt sjølv om resten av båten var mørklagd. No må vi uansett avbryta linja vår og få fisken opp på dekk for inspeksjon. Tek litt tid, men det har vi forsåvidt nok av, det er ikkje avklart kva vi skal ta oss til etter denne linja, som er den siste på denne jobben. Det er rykte om både lenger sør og lenger nord, og veldig mykje lenger nord, men alt er bare rykte og spekulasjonar foreløpig. Kanskje får vi ein liten tur til land og.
Etter lunsj trur eg eg skal ta meg ein tur i sola, trur det er mogleg å få litt farge igjen etter to dagar med overskya ver. Og så skal eg vel trena litt og, dei to siste dagane har eg sykla 4×7min og 5×7min, blir vel noko slikt i dag og (4×7).

13. april
Nok ein veldig roleg dag på jobb til no i dag og. Eg har nesten ikkje gjort noko, jobba litt med ein rapport, men det er litt kjedeleg… Og så har eg styrt fisken ein time, vi har fått den ned igjen. Det var ikkje noko gale med han etter at straumen forsvann i går, men på skiftet etter oss oppdaga MMO’ane nokre delfinar rundt båten, og då må vi slå av kjelda. Det er ein flott regel når det kjem til vanleg seismikk, for der har ein ei(fleire) store trykkluftskanoner som står ombord på båtane og skyt ned frå overflata. Og det er klart at det ikkje er heilt bra for dyrelivet. Men for oss så har ikkje slike reglar nokon relevans, all den tid kjelda befinne seg 2500m under havoverflata. Hadde det vore reglar der ein hadde utstyr (ekkolodd av eit eller anna slag) der ein kunne oppdaga til dømes kvalar i nærleiken av fisken vår hadde det vore forståeleg. Heldigvis har eg forstått det slik at det skal koma nye reglar for EM, men slike byråkratiske ting tek vel litt tid. Uansett så måtte skiftet før oss avbryta linja og snu og byrja på nytt, og då dei endeleg hadde fått gjort det fekk dei feil på kjelda… Så opp med kjelda igjen, og då passerte klokko seks på kvelden og det var ikkje noko poeng i å ta kjelda ut før seinare, då reglane er slik at vi ikkje kan slå på kjelda etter at det er blitt mørkt, fordi MMO’ane ikkje kan sjå noko i havoverflata då. Men vi har lov til å ha kjelda på om natta, så lenge den blei slått på før det blei mørkt. Alt detta betydde at vi måtte setta ut kjelda på skiftet vårt og så byrja vi om att på linja då det blei lyst. No ser alt ut til å fungera.
Elles så er eg ganske så trøytt, i dag skal eg verkeleg få lagt meg tidleg! Eg har sykkelpause i dag, men skal vel trena litt styrketrening. Trur eg kan ta litt sit-ups og push-ups no før lunsj, og så få gjort litt tyngre trening før eg legge meg. Det regna ute, i alle fall for eit kvarter sidan, så det kan henda det ikkje blir soling på meg i dag :(

14. april
Litt meir å gjera i dag, vi har byrja å plukka opp mottakarane frå den foreløpig siste linja. Veldig kjekt å prosessera data når dei er så utruleg bra som dei er. Framleis er det ingen som veit, i alle fall ikkje nokon som seie noko, om kor vi skal etter dette. Men det siste er at vi blir liggande og drifta i morgon og kanskje på mandag. Det blir fint, men ein tur til land hadde vore endo betre…
I dag blir det vel ut i sola (som ser ut til å vera tilbake), sova litt for å vera i stand til å vera vaken til grilling (om den ikkje er utsett til i morgon). Elles skal eg vel sykla litt i dag og (trur det blir 15×2 min). Eg fekk 20 minuttar med litt styrketrening før frukost i dag, så det blir bra :)

15. april
Ein veldig roleg dag på jobb i natt. Har jobba litt med ein rapport, men no det er stort sett finpussing igjen. Noko som tek tid, er kjedeleg og difor blir det utsett litt… Eg har og greid å få sett ein film i løpet av natta. Endeleg har eg fått sett “An Inconvenient Thruth”. Veldig viktig film, og bra, sjølv om eg mest blir deprimert av han, kanskje litt ekstra på grunn av at eg er her og faktisk leitar etter meir olja som kan forpesta verda… Det er forresten ikkje bare eg som har det roleg no, eg er kanskje den som har gjort mest i tillegg til Erlend som har jobba litt med mottakarar. Kva dei andre har gjort på veit eg ikkje, men det er no fortent å få ein dags pause. Eg reknar med at Tom blir ferdig med det som gjenstår på rapporten før eg skal på i natt, og då kan eg sikkert sova ein time eller to i løpet av natta. Det er faktisk så roleg no at i mangel på planar for kva vi skal framøve så driftar båten avgarde der havstraumane tek oss. Det blei ikkje grilling i går kveld, men satsar på at det blir i kveld, men akkurat no er det litt grått ute :(
Eg har og høyrt på ein del musikk i løpet av natta (det er fint å ha heile instrumentrommet og høgttalarane der for seg sjølv). Eg oppdaga faktisk eit nytt bra band. Har masse musikk med meg på ein ekstern harddisk og der ligge det blant anna ein katalog med albumet “Peace & Love & Death Metal” av “Eagles of Death Metal”. Namnet har på ein måte hindra meg i å nokon gong høyra på det, men i natt bestemte eg meg, i mangel på noko eg eigentleg hadde lyst til å høyra på, for å setta på dette. Vart skikkeleg positivt overraska! Ikkje death metal på noko som helst vist, minna litt om “Queens of the Stone Age” samt mykje anna blanda inn, så det er sikkert litt for rocka for mange (Kanutte til dømes…).

No må eg koma meg opp og få litt mat, klokko er ti øve tolv, og eg har vore for oppslukt i dekninga av Paris-Roubaix på eurosport.com til å hugsa at eg faktisk har fri…

16. april
Det blei grilling i går. Veldig kjekt og god mat, men eg har vore ganske trøytt i natt. Eg sykla 6×5min intervall i går så det blei bare tid til ein liten time med søvn før grillinga, og den igjen tok litt tid. Så det har vore lite søvn. Det er ikkje så farleg for det har ikkje vore noko å gjera, kun ein liten time med siste finpuss på rapporten vår. Etter det var eg ute ein tur på toppdekket og fekk sjå ein fantastisk stjernehimmel, og i tillegg eit stjerneskot. Blei ståande og stirra opp ganske lenge, men litt rart å ikkje kjenna igjen nokre stjernebilete. Får ta med meg ei av bøkene eg har vore fagkonsulent på neste gong.
Det er framleis heilt i det blå kva vi skal ta til med, så foreløpig ligge vi framleis å driftar. No er det heldigvis snart bare to veker igjen. Gledar meg veldig, spesielt til at eg og Kanutte skal ha ein liten ferie i den byen eg kjem til å mellomlanda i på veg heim. Kvar det blir veit eg ikkje endo.
Eg har fått sett film i natt og, det blei “Hotell Rwanda”. Nok ein gong ein bra og viktig film, men utruleg deprimerande. Mistar litt trua på alt mogleg når ein ser slike filmar. Det får bli ein komedie neste gong…
Eg har fått trent litt styrke ein liten halvtime i dag før frukost, og no har eg akkurat vore ute på helidekk og gått litt. I tillegg la eg meg ned litt og sovna bittelitt sjølv om det var ganske ubehageleg å ligga. Vidare i dag blir det vel det vanlege, ut i sola etter lunsj og deretter trening (5×5 min) og så sova.

17. april
Ingenting skjer, så det er vel eigentleg ikkje noko å fortelja. Tenkte eg skulle ut og sjå på stjernehimmelen i natt og, men då eg kom ut var sola i ferd med å stå opp, så då sat eg ein halvtime og såg på soloppgangen i staden for. I grunnen har natta gått veldig fort sjølv om eg ikkje har gjort noko som helst. Såg “The Guardian” med Keving Costner. Ikkje spesielt bra film. Elles har eg vel ikkje gjort noko anna enn å registrera meg på facebook.com sidan alle andre gjere da og. Sikkert bra greier.
I dag blir det ikkje sykkelintervall, skal prøva å kvila det venstre kneet litt. Eg klara ikkje å stilla inn den dårlege spinningsykkelen og kneet er litt kresent på rett stilling. Så då blir det styrketrening etter lunsj. Og sidan eg fekk nok sol i går så kan da henda eg endeleg kan få lagt meg tidleg.

18. april
Sjå 17. april kunne eg vel sagt, i alle fall den første setninga. Har ikkje gjort anna i natt enn å sjå “Stranger than fiction” som var ganske så bra. Elles har eg kasta litt dart og slappa veldig av, noko som har resultert i at eg no er heilt utruleg trøytt :) Eg fekk som vanleg trent litt sit-ups og armhevingar før frukost. Etter frukost har eg om mogleg gjort endo mindre enn før frukost, men det har dukka opp nokre rykter om at det i minste er moglegheit for at noko skjer i næraste framtid…
Etter lunsj (om ein halvtime, skrubbsvolten) skal eg legga meg litt i køya og sova ein liten time og så sykla (5×7min intervall) og så legga meg igjen. Som sagt så e eg trøytt.

19. april

Framleis ikkje noko nytt her. Nettene sneglar seg avgarde. Eigentleg går dei overraskande fort, men det er kanskje ikkje så rart når eg brukar to timar til film (King Arthur) og ein og ein halv time på å kasta dart (vann 3 kampar, tapte ein). Og så spelte eg og Erlend eit slag sjakk og i dag fekk eg revansj :)
Elles har vi hatt ei lita minnestund med eit minutt stillhet for dei som omkom i “Bourbon Dolphin” forliset. Det er fleire av mannskapet (og sjølve båten) som kjem frå same området som mannskapet ombord på “Bourbon Dolphin”.
Snart er da lunjs og etter det blir det vel meir avslapping (nok no…) og litt meir trening (sykkel, 15×2min intervall kanskje). Eg fekk som vanleg trent ein liten halvtime før frukost og.
Til slutt kan eg legga ved eit bilete som viser litt av effekten av 2500 meter med vatn.

20. april
I går ettermiddag, rett før eg la meg, byrja vi å gå sørover mot Rio de Janeiro. Endeleg byrja noko å skje. Akkurat kva vi skulle der var ikkje heilt avklara. Men noko skjedde i alle fall. Utanom at vi ikkje driftar har natta gått som dei foregåande, med film (”The Constant Gardener”), men dessverre slutta DVD’en å fungera akkurat i det handlinga byrja å ta seg opp ganske mange hakk. Elles så har eg kasta litt dart og trent litt før frukost.
Etter frukost gjorde eg ikkje mykje, men bestemte meg til slutt for å ta meg ein tur ut i sola. På veg opp til helidekk stoppa eg innom brua, og akkurat då eg kom opp kom det beskjed om å snu. Så no er vi på veg nord mot Natal. Det tek oss tre døgn, så mykje kan jo skje i mellomtida… Eg fekk no meg ein spasertur på helidekket, godt å få rørt kroppen litt, blir litt for mykje stillesitting no når da ikkje er noko å gjera på. Gler meg til i morgon for då er det bare ein laurdagspizza igjen før eg skal heim!

21. april
Eg fekk trent litt i går og, sjølv om eg ikkje skreiv da. Det blei 2×7min intervall (3min pause) så 1 min pause, eit 2 hardt intervall på 2 minuttar med eit minutt med pause før to nye intervall på sju minuttar. Det same som i forgårs. Blei faktisk ganske sleten, spesielt av det harde intervallet midt i. Uansett, det er ikkje så spanande for andre enn meg sjølv…
I går var vel status at vi gjekk mot Natal. Det er ikkje status no lenger (sjølvsagt…). No er vi igjen på veg mot Rio. Fram og tilbake er dobbelt så langt. Minst. Eg blir “litt” oppgitt og nesten litt svimmel av alle denne rund køyringa… No håpar eg (sikkert alle andre og) at om det ikkje blir jobbing med det første at vi kan ankra opp eller gå til kai i Rio, det hadde vore fint med eit par dagar på land :) Elles merkar ein jo og at vi blir ganske sløve av å ikkje ha noko fornuftig å gjera på.
Veret i dag er ikkje det beste, det var litt regn på morgonkvisten, men det ser ut til å betra seg litt. Får sjå om det blir nokon moglegheit for soling i dag.
Elles såg eg “Blood Diamond” i natt, nok ein veldig bra, men akk so deprimerande film.
No er det bare ein liten halvtime til laurdagspizza. Det er i alle fall noko å gle seg til :)

22. april

Vi er framleis på veg til Rio, no er det faktisk nesten ikkje tid igjen å snu på :) Vi “skal” ligga oppankra der til onsdag, så får vi sjå kva som skjer etter det.
I natt har eg som vanleg ikkje gjort noko spanande, eg fekk sett “United 93″ som var ganske bra, og så var eg ute ein tur på dekk og såg stjernehimmelen rett opp og ein stor lyn- og tordenstorm i horisonten mot nord. Den var mykje større og meir langvarig enn noko vi vanlegvis har heima. Det lynte regelmessig i minst ein halvtime, det var så lenge eg var ute, så sannsynlegvis varte det mykje lengre. Etter det såg eg “City of God”. Fekk dessverre ikkje med meg byrjinga, men filmen var veldig bra og kan anbefalast. Elles har eg ikkje gjort noko anna enn den vanlege treninga. Akkurat no medan eg skrive detta følge eg med på “Amstel Gold Race” (sykkelritt sjølvsagt) på nettet. Utruleg spanande å ikkje ha heilt direkte oppdatering, må venta eit par minutt mellom kvar nye melding og det er veldig artig :)
I kveld er det store planar for å ta ein tur på land og testa nattelivet i Rio. Det blir rart å kjenna fast grunn under føta igjen. Eg satsar sjølvsagt på å få trent litt (sykkelintervall, det var styrke og bordtennis i går) før vi kjeme så langt. Trur ikkje taxibåten kjeme før i sekstida så det skulle gå bra. Men no er det bare 5 km igjen av sykkelrittet og lunsj etterpå så eg får skriva meir ein annan gong.

23. april
Vi kom oss i land i går. Godt å få fast grunn under beina igjen. Dei brasilianske MMO’ane (dei som passar på kvalane…) tok oss (ikkje alle, nokre for direkte til Copacabana) med til ein stad kalla “Casa Rosa”. Det vart ein kjekk kveld, men litt for mykje samba og brasiliansk musikk etter min smak. I dag er det visst St.Georg dag her i Rio de Janeiro og då er det fridag for folka som bur her (St.Georg er byhelgenen til Rio). Det er visst store konsertar på stranda i løpet av dagen så det blir sikkert ein ny tur inn i kveld. Elles har eg ingen planar om å gjera noko særleg bare slappa av og drauma om å koma heim.

24. april
Det blei ikkje til at eg tok turen i land i går. Eg var altfor trøytt til det. Det tek på å snu døgeret slik… Det hadde sikkert vore kjekt å ha vore i land eit par timar og sett på det som skjedde, men sidan taxibåten gjekk inn til land kl 2 og den første ikkje gjekk tilbake igjen før klokko ni på kvelden fann eg ut at eg heller skulle slappa av ombord. Eg og Erlend fekk spelt eit par parti sjakk – eg tapte igjen, men eg føle eg klara å yta litt meir motstand no. Elles låg eg litt i sola og slappa av, fekk sykla litt (5×4 min intervall sittande, i forgårs vart det 10×3min styrkeintervall) og etter det og middag såg vi ein film. Denne gongen vart det “End Game”, ein heilt ok konspirasjonsactionthriller sak med ein utruleg dårleg og utilfredsstillande slutt(!). Vi går ikkje skift no, så eg har sove i natt. La meg tidleg, rundt klokko ni fordi eg var frykteleg trøytt, og stod opp klokko halv sju. Noko som gjorde at eg fekk tid til å trena litt lett styrketrening før frukost. Elles har eg ikkje gjort noko etter frukost, bare slappa av og surfa på nettet, noko som byrjar å bli frykteleg kjedeleg. Merkar at eg byrjar å bli veldig utålmodig etter å koma heim. Eg er og litt tiltakslaus og sløv, har ei kjensle av at eg burde gjera noko, men finne ikkje på noko å gjera. Vi ventar litt forsyningar i dag, kanskje blir det tid til å ta ein tur i land i løpet av dagen og, men akkurat no veit eg ikkje heilt kva som skjer.

25. april
Eg la meg ganske tidleg i går kveld. Det var ingen som skulle inn til land, så det blei ein og ein halv time med slit ute i sola på helidekk, eit nytt parti sjakk mot Erlend (eg tapte igjen…) og så trening (styrkeintervall 10×3min). Vi såg ein film etter middag, “A Scanner Darkly”, som var ok i handling med ein heilt spesiell stil. Etter at eg hadde lagt meg i senga for å lesa litt kom Tom stormande inn og spurte om eg ville heim på fredag. Eg var raskt oppe og snakka med Aslak (sjefen) om kva som skjer. No skal visst båten til Norge og vi kan reisa heim tidleg, så no ser det ut til at eg reise til Madrid på fredag og møte Kanutte der på laurdag, og så blir vi der til torsdag. Skal bli veldig fint :)

26. april
Ikkje noko å fortelja i dag. Veldig roleg stemning ombord, alle er klare til å reisa heim. Slik det ser ut no er det bare eg som er heldig og har fått fly heim i morgon. Gleda meg veldig til Madrid, sjølv om eg ikkje veit heilt kva vi skal finna på der. Men vi finne nok på noko. Det blir sikkert ein tur inn til land i kveld, i morgon veit eg ikkje heilt kva tid vi går av båten, flyet mitt går ikkje før rundt klokko sju på kvelden, så eg har god tid. Dei fleste andre skal av båten og, då den skal gå litt nordover før mannskapsbyte for båtmannskapet. Det er ikkje så veldig synd på dei som ikkje får fly i morgon heller, det er ikkje så veldig gale å få betalt ferie i Rio.
Det er ikkje sikkert det blir fleire oppdateringar her, kanskje vi kan legga ut eit bilete eller to i frå Madrid.

27. april

28. april

29. april

30. april

01. mai

02. mai

Post a Comment