Reisedagbok - Brasil januar 2007
19. januar, 2007 – 15:3619. januar
Sitte på Gardermoen og bør vera klar til å reisa. Kan ikkje heilt fatta kva eg faktisk skal ut på (sånn utanom at det er på havet…). 5 veker, sjø, båt, forhåpentlegvis sol, nye folk, ny jobb - det kriblar litt i magen, men så er det jo og ganske så trist å reisa frå Kanutte
Var ein tårevåt avskjed i dag tidleg, men vi skal nok klara oss, hjelpe med MSN, Skype og e-post, hadde nok vore atskilleg vanskelegar om vi hadde måtta lita på flaskepost.
Det er ein time og eit kvarter til flyet mitt går, først til København, deretter vidare til Chicago og til slutt Houston. Landar seint (ca halv tolv) lokal tid i Houston, som sikkert blir ein gong på natta her i Oslo (eg har ikkje heilt sett meg inn i kva tidssonar som gjeld for der eg skal, og heller ikkje i Brasil). Eg kan ikkje sei kor i Brasil vi skal, ikkja at eg veit det i utgangspunktet, men sjølv om eg hadde visst det, er ikkje klientane våre (som eg heller ikkje kan røpa namnet på) så veldig glad i at kven som helst fortelle kor dei leitar etter olje.
Blir som alltid irritert på Avinor (i detta tilfellet Oslo lufthavn, sist Værnes) at dei ikkje kan tilby gratis internett, ein må betala. Det er heilt utruleg småleg og gjere at eg ikkje får posta detta mens eg sitte her.
Eg skal forsøka å posta litt her kvar dag eg e vekke, på båten har eg i alle fall internettilgang.
Det er litt kjedeleg å reisa frå Oslo akkurat no sidan det no er blitt kjørt opp skiløyper i marka og det er noko som liknar på vinter ute, men forhåpentlegvis ligg det litt (kanskje meir?) snø når eg kjeme tilbake og. Det blir sikkert ikkje gale med mellom 25 og 30 grader og sol heile dagen heller
På flyet no, passerar snart øve Island og har vore i lufta i omlag 3 timar. Hadde eg vore litt meir merksam hadde eg fått med meg at vi meir eller mindre passerte øve Seimsfoss (i alle fall Odda), men i følgje brosjyren i setet så skulle vi ikkje det, så eg tenkte ikkje på å kikka ut før det var forseint. Har fått middag (Swedish beefstew, godt, men ein litt sparsommeleg porsjon), og slappa ganske bra av med å høyra på musikk (Muse, Artic Monkeys og Richard Ashcroft så langt) og lesa bok (har byrja på The Eye of the World, som er første boka i The Wheel of Time serien til Robert Jordan. Den er litt treig i starten, minnar om Ringenes herre, og kan kanskje visa seg å vera bra). Har dessutan fått eit dobbeltsete for meg sjølv
Det var eigentleg ein (truleg amerikanar) som hadde setet ut mot midtgangen, men han tok bladet sitt om kalkunar og kalkunjakt(!) og fann seg eit anna sete før vi letta (han hadde nokon som han reiste med som han flytta bort til, eg trur i alle fall ikkje det var på grunn av meg). Så eg har god plass til meg sjølv. Trur eg skal forsøka å lesa litt meir, og kanskje sjå ein av filmane som blir vist på den vesle skjermen i stolryggen framføre meg.
20. januar
Klokko e ti øve åtta på morgonen, lokal tid her i Galveston (kl 15:10 i Oslo). Eg ligge på eit hotelrom på La Quinta og skrive detta. Manglar bagasje, er litt døgnvill og har vel ikkje fått den starten på turen eg hadde håpa på
Fram til Chicago gjekk alt fint, men då vi stod ved baggasjebeltet for å få baggasjen slik at vi kunne ta den gjennom tollen dukka aldri bagen min opp. Utruleg kjipt, men hadde eit bittelite håp om at alt skulle ordna seg når vi kom til Houston. Eg fekk ringt reiseforsikringsselskapet, men på ei dårleg telefonlinje var det ikkje mykje eg skjøna av dansken i andre enden. Eg hadde uansett med meg eit ekstra skift og litt toalettsaker i handbagasjen, så eg øveleve ein dag. Vidare så var United flyet frå Chicago til Houston ein halvtime forseinka, så vi landa ikkje før midnatt lokaltid, dvs kl 0700 i Oslo. Var nokså trøtt då, og bagasjen kom sjølvsagt ikkje, så eg måtte rapportera den sakna. Heldigvis var det folk for å ta i mot oss på flyplassen (vi var visst 14 stykke totalt som skulle på båten), og på flyplassen sa dei at baggasjen burde vera hos dei kl 10 om morgonen. Kva morgon det er snakk om veit eg ikkje, men håpar på at det er i dag. Uansett så skal flyplassen ringa folka som henta oss, og så kjøre dei bagasjen vidare til hotellet, eller kor eg no enn e når den forhåpentlegvis dukkar opp.
Det var nærare 2 timar og køyra frå flyplassen til Galveston, så det blei seint både lokaltid, og ikkje minst i høve til heimatid før eg endeleg fekk kome meg i seng, ikkje heilt utan problem sjølvsagt. Nøkkelkortet eg fekk til rommet fungerte ikkje første gongen eg var oppe, og ikkje etter at eg hadde vore nede ein gong og fått fyren i resepsjonen til å sjå på det heller. Så eg fekk eit nytt rom, truleg mykje større (2 dobbeltsenger), ikkje at eg bryr meg så mykje om det, eg sovna ganske raskt, og har vel sove omlag fem timar fram til no. No e eg trøytt, men samstundes vaken, og byrjar å bli svolten, så det er kanskje på tide og få ein dusj, ringa reiseforsikringsselskapet igjen og få litt frukost.
PS: På bilturen frå flyplassen til hotellet gjorde eg meg alle moglege slags betraktningar og observasjonar rundt det amerikanske samfunnet vi køyrde gjennom. Akkurat der og då var dei utruleg velfunderte og hadde vore ein utruleg bra post i ein blogg, men no hugsar eg ikkje noko av det, og kanskje var eg bare utruleg overtrøytt. Uansett så er dei foreløpig tapt for alltid, om eg då ikkje kjem på noko av det seinare, og skrive det ned
PPS: Dei har sjølvsagt ikkje noko internett her på hotellet heller, og sidan den utruleg tåpelege mobiltelefonen min ikkjr verkar i USA, så er eg heilt utan kontakt med verda heima. Utruleg frustrerande at slikt faktisk er mogleg i 2007. Vi er kanskje litt bortskjemte?Klokko e no litt øve halv ti på kvelden, og det er vel i grunnen på tide å oppsummera dagen. Eg og Erlend fekk oss frukost på Willer’s, ein sjømatsrestaurant, men frukosten bestod av speilegg, steikt skinke, toast og noko som heite Grit, noko smaklaust som minna litt om graut. Blei no uansett gode og mette. Det bles ganske så mykje her i dag, og det var ein del bølgjer mot stranda. Ganske lang strand, og det er nok ein del folk her i Galveston på andre årstider. No verkar det å vera ganske stille. På hotellet fekk eg endeleg tilgong på internett, det viste seg å vera gratis(!), trådlaust nett, berre ikkje på rommet mitt, som låg lengst mogleg vekk frå resepsjonen. Eg skriv låg, for no e rommet mitt blitt ein lugar ombord på båten (Rem Angler). Vi blei henta i tolvtida og frakta til hamna. Det verkar å vera ein fin båt, eg har fått eigen lugar, og er veldig nøgd med det
I dag har det vore litt småhektisk med lassing av forsyningar (mat) og litt nedrigging av utstyr, men det blir nok endo meir hektisk i dagane som kjem med mykje meir nedrigging av gamalt utstyr og oppsetting av nytt. I lag med Ludvig og Erlend har eg fått trent litt i kveld og, blei litt styrketrening i dag (og eit bordtennissett mot Erlend. Eg tapte.), men det er både tredemølle, spinningsykkel, ergometersykkel og stepmaskin, så det skal nok kunna bli litt kondisjonstrening og håpar eg.
Eg har ikkje fått bagasjen min
Og eg har heller ikkje fått tid til å handla nye kle, så no håpar eg verkeleg at den kjem i morgon.
No skal eg få meg litt kveldsmat og forhåpentlegvis sova heilt til i morgontidleg etter det.
21. januar
I dag har vore ein litt travel dag, men ikkje så travel som vi haddde sett føre oss. Vi var lova å få ein masse nytt utstyr kl 0800 i morgon tidleg, så blei det lova til kl 0900, men då var klokko allereie passert 0900, så vi skjønte at det utstyret ikkje kom til å koma i dag. Men det har blitt tid til mykje demontering av gamalt og eldgamalt utstyr.
Det er farleg god mat ombord, med speilegg og bacon for dei som vil til kvar frukost, i dag var det til og med pizza til frukost. Ein kan nok lett gå opp ein del kilo om ein ikkje passar på. Eg har vore flink og halde meg til brødmat til frukost, skal prøva å ikkje lessa for mykje på tallerkenen til lunsj og middag og. Men det er vanskeleg når det er tre rettar og ein har lyst til å smaka på alt.
I dag (dvs kl åtta om kvelden) kom endeleg bagasjen min. Det var utruleg fint å få ta ein dusj og skifta til heilt reine klede. Og ikkje minst ha barbersakene tilgjengeleg. Har ikkje fått tid til å gå i noko butikk og handla kle for forsikringspengar, men kanskje det ikkje er for seint i morgon…
Vi har vore ute ein liten tur på ein bar (hotellbar av ein eller annan grunn). Hyggjeleg, men dei har ikkje noko spesielt bra øl her i statane. Lyst, og smakar lite.
Eg kunne nok skreve meir om dagen i dag, men no e klokko blitt nesten halv to på natta, og det er på tide å få litt søvn, for morgondagen blir nok lang og hektisk, for då skal vi få utstyret vi ikkje fekk i dag. Det er ikkje sikkert dette blir publisert med det første, for vi har ikkje internettilgang på båten akkurat no (jamf. nytt utstyr som ikkje er kome).
22. januar
Dagen i dag starta som dei to forrige. Vi blei lova at utstyret (masse datamaskinar forøvrig) skulle vera ute av tollen kl 0600 og deretter køyrt til oss slik at vi kunne få det kl 0830. Det skjedde sjølvsagt ikkje. Så i dag har det vore meir rydding, god mat (hamburger til lunsj) og litt roleg. Men kl 1715 kom endeleg alt utstyret
Så då blei det travelt, og det var så vidt vi fekk middag før den blei heilt rydda vekk. Det var ein heilt utruleg god og mør biff med poteter og saus til forresten. Det var (heldigvis, har ikkje godt av) ikkje dessert til oss som kom sist, men eg e flink og ete masse frukt, og det er god nok dessert som noko.
Sidan vi hadde rydda så mykje og lagt masse kablar på førehand har det gått relativt greit å montera det nye utstyret, men vi er ikkje ferdige i dag (eg gav meg litt før kl 22), og blir sikkert ikkje heilt ferdige i måro heller.
Eg har testa tredemølla i dag etter jobb. Jogga ein halvtime og trente litt styrke (diverse sit-ups, hangups ++). Det er andre gongen eg testa trimrommet (eigentleg to), og ser igjen at det kan bli vanskeleg å få nok kondisjonstrening dessverre. Verken tredemølla eller spinningsykkelen er i tipptopp stand, noko som er veldig synd. Eg har heller ikkje fått hengt opp nokre klatregrep/opptrekk som eg har liggande i bagen, men det får eg ta ein dag eg er litt tidlegare ferdig med å jobba.
Det er jo litt synd at eg ikkje har fått sett noko særleg til USA medan eg e her. Har fått sett litt, men har ikkje opplevd USA (utanom at ting tar tid, her og). Kan henda vi blir litt tidlegare ferdige i måro, så eg i alle fall kan få sett litt meir av Galveston i det minste.
No e klokko passert elleve på kvelden og eg merkar eg byrjar å bli ganske så trøytt, så det er på tide å sei at dette er nok oppsummering av dagen i dag, og få seg ein dusj og litt søvn.
23. januar
No e klokko akkurat halv ni og eg e ferdig for dagen! Vi har ikkje hatt det så travelt i dag, litt forskjellig rundt omkring, men det mest prekære er vi ferdige med. Så no har eg tenkt å trena litt og kanskje til og med få tid til å lesa litt meir i The Eye of The World før eg legge meg. Og eg burde byrja å høyra på musikk slik at eg kan laga meg ei Topp100 liste eg og.
Eg har veldig lyst til at vi no skal koma oss ut på havet, eit cruise i Karibien fristar veldig no etter å ha lege her i mange dagar utan eigentleg å ha gjort så veldig mykje. Veret er heller ikkje så veldig bra her i Galveston (ikkje det at eg ser så veldig mykje til det, er for det meste inne under dekk utan utsikt). Men det ser ut til at vi blir liggande her til fredag
Eg skal forsøka å få lagt ut nokre bilete og i løpet av dei næraste dagane, men det er ikkje så veldig rask internettilkopling vi har her, og då vil eg ikkje bruka for mykje av den no når vi har så ustabile forhald med mykje nytt utstyr (ikkje har eg teke så mange bilete endo heller…). Men det kjeme.
24. januar
I dag har vi faktisk fått gjort ein del, men da mesta er rydding. Og vi (dei tre felt geofysikarane) byrjar å bli ganske så lei av det. Så vi nyttar alle sjansar til å vera med på andre ting. Vi har, utanom å rydda på instrumentrommet (det er der vi har brukt mesteparten av tida fram til no på å setta opp nytt utstyr) mellom anna vore med på å sjekka noko av utstyret på kjelda (eg skal skriva litt om kva vi faktisk gjere i ein seinare post, legge inn ei lenke då). Spanande å sjå litt av utstyret på nært hald. Men viktigare, eg har vore på Walmart.
Ein ganske liten Walmart i amerikanske målestokk, gigantisk i alle andre butikkmålestokkar. Dei har alt, eller meir presist, dei har noko i alle kategoriar. Kvaliteten er nok for det meste på linje med Clas Ohlson (maten veit eg ikkje, den er for bra på båten til at vi såg noko behov for å sjekka den nærare). Eg fekk no plukka med meg eit par saker for ikkje så mange kronene, mellom anna ei bok basert på 24. Er litt i tvil om at den er noko bra, men til 30 kroner er det verdt eit forsøk. Ein ting eg blei positivt overraska av var kor stor plass og kor ryddig det var. Veldig lett å koma fram over alt inne i butikken og lett å finna fram.
For å koma oss til Walmart ringte vi til vår private taxi-sjåfør. Det verkar som om det er ganske så stor konkurranse, eller kanskje heller eit behov for kundar for å overleva, mellom dei ulike drosjesjåførane, sjølv dei som køyrer for det same firmaet. Så det førte til at sjåføren i den første drosjen nokon frå båten tok gav oss privatnummeret sitt, og no brukar alle han, i alle fall når han har tid.
No er det blitt seint igjen, dvs klokko har passert halv elleve. Kanskje ikkje så seint for dei fleste, men når ein jobbar tolv timar (pluss) om dagen så blir ein litt tidleg trøytt. Håpar det ikkje blir slik at eg ikkje orkar å trena når vi kjeme ut på sjøen (eg har ikkje vore flink og trena i dag). På tide med ein dusj og litt søvn
25. januar
Rolegare i dag. Folka med hovudansvaret for det nye utstyret reiste heim til Norge rundt lunsj, og då blei det mykje mindre stress for oss som er igjen. Vi som ikkje har hatt noko spesielt prosjekt har blitt springande litt i mellom alle og hatt mykje å gjera for alle. Det blir veldig travelt og stressande når ein har tusen ting som må gjerast og aldri blir meir enn halvferdig før nestemann kjem og vil ha noko anna gjort. Men det blei som sagt litt rolegare (og betre) etter lunsj. Vi har fått sett meir inngåande på kjelda og fått litt meir oversikt øve kva som må gjerast framøve. Sånn som det ser ut no e vi litt underbemannna, i alle fall fram til vi kjeme til Brasil, og det er eigentleg ingen av oss som har heilt oversikt og kunnskap om alt som skal gjerast i forbinding med eit oppdrag. Så det blir ei stor utfordring på dei tolv dagane vi har på overfarta ned til Brasil og øva og læra korleis alt utstyret fungerar, korleis det skal settast ut og opererast.
Det såg ut til at vi kunne ta ein ganske tidleg kveld i dag, men plutseleg dukka det opp eit uforklarleg problem med ein del av utstyret, så vi måtte demontera det (ein del av “fisken” vi tauar etter oss som ikkje kommuniserte som den skulle), noko som er ein litt stor og tung jobb. Vi fann sjølvsagt ikkje noko gale då vi hadde demontert utstyret, og då vi skrudde det saman igjen fungerte plutseleg alt som det skulle. Det var jo vel og bra, men tido hadde sprunge litt i frå oss og blitt nesten halvti før vi var ferdige. Det er ikkje så mange igjen av EMGS mannskapet, då veldig mange som har vore her for montering av nytt utstyr reiste heim i går og i dag, litt tidleg kanskje, men det får tido visa. Uansett så tok vi som er igjen ein liten tur på byen. No er klokko akkurat passert midnatt, så det seie seg sjølv at det ikkje vart så veldig lang tur. Vi var på ein irsk pub (Molly’s) der vi heldigvis fekk noko litt mørkare øl enn Buddweisser light (Guinness).
Ein ting som har skjedd i dag, utan at eg fekk det med meg i det heile tatt, var at båten har snudd side (nei, eg har ikkje sove på jobb, sjølv om eg e litt trøytt innimellom). No e da litt lettare å koma seg i land, leidaren går omtrent i høgde med kaien og ikkje heilt opp til toppdekket.
Eg var og oppe og såg på heilkopterdekket for fyrste gong i dag. Hadde ganske bra utsikt og solsengene låg klare rett under, så no er vi endo meir klar for cruise i Karibien. Eg hadde ikkje med kamera opp, men eg skulle ha hatt det med for å ha teke bilete av pelikanane som glei forbi. Utruleg nok såg eg og ein hamnecruisebåt, ikkje noko eg ville ha teke om eg av ein eller annan merkeleg grunn skulle finna på å vera turist i Galveston på denne tida av året.
No e da på tide å legga seg, blir sikkert ein travel dag i måro om det faktisk blir avreise på lørdag. Vi har mykje utstyr som har blitt nedrigga og ligge i esker som skal inn i ein containar vi har blitt lova i eit par dagar no, pluss ein heil haug med andre ting som bør gjerast før vi forlet kaien. Trur kanskje eg må ta ein dusj og. Er det ein ting eg vil takka den forrige (eller var det den før det igjen, i alle fall Høybråten) regjeringa for er det røykeforbodet på uteplassar. Alt av kle og meg sjølv stinkar etter kun ein kort tur ute.
Om det faktisk er nokon som lese dette blir eg veldig glad for kommentarar
Eller du kan senda ein epost til meg.
26. januar
Endeleg ser det ut til at vi faktisk skal forlata Galveston. Absolutt på tide. I ettermiddag fekk vi noko navigasjonsutstyr vi har venta på heile tida vi har lege her. DHL har sendt det eit par gonger mellom USA og England, men no har det til slutt dukka opp. Så då har vi i alle fall fått det viktigaste, og er klare til å legga frå kai kl 12 i morgon. Det skal bli utruleg fint å få koma seg ut på sjøen (trur kanskje eg har sagt det eit par gongar no). Eg har ei kjensle av at lufta har gått litt ut av oss alle dei siste dagane i irritasjon og oppgitthet øve ting som ikkje er på plass når det skal. Men som sagt, alt er på plass no og eg er i alle fall veldig klar for å få sett kva jobben min faktisk går ut på. Å trekka kablar og rydda har ikkje vore så veldig inspirerande fleire dagar i strekk.
I dag har eg, utanom å hatt lange pausar (ikkje bare meg som hadde nesten ein heil times pause kl tre) og gått rundt og rydda litt her og der, stabla opp og pakka pallar, trent igjen
Fekk sykla litt meir (eg sykla ein dag tidlegare om eg ikkje skreiv det) på spinningsykkelen, noko som var deileg. Så eg har i alle fall fått trent litt i løpe av denna første veka (jippi, kun 4 igjen), og no håpar eg at det skal bli mogleg å få litt fast rutine på det på vegen ned til Brasil (vi skal bruka 12 dagar ned). I dag fekk vi og ei til tredemølle ombord, men den er ikkje montert opp. Eg har uansett foreslege konkuranse om fyrstemann til Brasil
Sidan det i dag var så fint ver og lite å ta seg til har eg og fått teke nokre bilete. Litt av utstyret og båten. Dei kan du sjå her. Eg lurte litt på om eg skulle skriva noko om båten, men veit ikkje heilt kva. Om det er nokon som lure på noko, skulle det vera kva mat eg får, korleis eg bur osv. så bare spør. No skal eg henta klesvaska mi som forhåpentlegvis er klar og så skal eg lesa eit nytt kapittel i boka mi før eg legge meg.
27. januar
Endeleg! Vi har forlete Galveston og e ein stad ute i Mexicogolfen
Dagen i dag har vore ein fin, passe roleg dag. Fram til lunsj (veldig god pizza forresten) var det mest fast stropping av alt mogleg som kan tenkast å røra på seg ved litt sjø. Etter lunsj har vi (Erlend, Ludvig og meg) brukt tida på å setta saman den nye tredemølla og henga opp klatregrep. Både Ludvig og eg har med ulike klatretreningsgrep og det var no på tide å få opp dei. Mine er to lause til kvar arm som er relativt enkle å henga opp i to tau, men Ludvig sitt er eit brett som på eit eller anna vis må festast i ein halv centimeter tjukt stål… Vi har fått opp mine og laga eit slags feste til brettet til Ludvig, men vi har ikkje fått det opp endo sio det involverar det allerie nemde stålet som og befinne seg to og ein halv meter over dekk. Vi får tenka litt på korleis vi skal løysa det.
Men det viktigaste og kjekkaste er sjølvsagt at vi no har kasta loss. Mellom kl 12 og 13 ein gong kom losen ombord og vi tøffa ut ein slags kanal og vidare ut på ope hav. Heilt ope er det rett nok ikkje, i nær sagt alle retningar er det ein eller anna form for oljeplattform eller rigg. Og båtar, store tankarar og mindre tankarar, masse båtar. Det er litt sjø og båten gyngar litt, men eg har no ikkje blitt dårleg så langt, og det hadde eg no ikkje venta heller, tidlegare har det i alle fall gått fint i all slags ver.
Eg har og fått testa den nye tredemølla, noko som var ei litt spesiell oppleving på sjøen. Gymrommet e plassert langt framme i båten og det resulterar i litt gynging både her og der, noko som gjere jogging på tredemølla til ei lita utfordring. Plutseleg lettar ein mens ein i neste augneblink er i bratt oppoverbakke. Fekk meg no uansett ein tur på 40 minutt og deretter intervalltrening (6×3 min) på sykkelen. Så litt trening blir det heldigvis, men kanskje ikkje det er nok når middagen var taco (var flink og tok kun to stykke, pluss ein liten creme brulé til dessert…).
Vi er som sagt ein stad i Mexicogulfen akkurat no (28grader 17,38′ N - 93grader 07,44 W). Vi tøffar i om lag 12,3 knop i søraustleg retning og det skal vi gjera til omlag lunsjtid i morgon. Då skal vi prøva å få opp to mottakarar som ligge igjen på havbotn etter sist oppdrag. Det trur eg kan bli veldig gøy, spesielt om vi får dei opp, og ei utfordring fordi veldig få av EMGS-mannskapt har noko særleg erfaring med akkurat det (det har vore eit anna firma som har hatt det ansvaret før, men no har vi teke øve det og).
No skal eg ta meg ein tur opp på brua og ut på toppdekket for å sjå om det er ein fin stjernehimmel og etter det ta ein tidleg kveld, klokko er akkurat passert ti. Det er for mykje sjø no til å forsøka å ta noko bilete av himmelen, men eg håpar det kan koma sjansar for det seinare.Tusen takk for alle tilbakemeldingar og helsingar
28. januar
Dårleg dag. I alle fall dårleg natt. Det starta omlag 5 minuttar etter at eg hadde skreve oppdateringa i går kveld. Heilt plutseleg blei eg utruleg sjøsjuk og frå å vera nokså frisk og rask til å spy i do gjekk det kun fem minuttar. Det er noko med måten båten rører seg i bølgjene på som eg ikkje taklar. Det er nesten ikkje bølgjer, men båten gynge gått i frå side til side i ei roleg jamn rulling. Og det taklar eg ikkje. Trur det hadde vore mykje betre med store, krappe bølgjer og mykje vind. Så eg spydde ja, og sov nokså dårleg. Anten så fungerte ikkje airconditionanlegget eller så hadde eg eit lite anfall av feber. Har vore nokså redusert i dag, i alle fall fram til lunsj, men i stand til å jobba. Ikkje det at vi har gjort så mykje spanande uansett. Vi skulle forsøka å plukka opp to mottakarar som det forrige mannskapet ikkje hadde fått opp i sist oppdrag. Men sjølv om vi fekk kontakt og kommuniserte og sendte melding om at no skulle dei sleppa seg frå ankera kom dei ikkje opp.
Så då blei det ikkje noko øving på å ta ombord mottakarar på oss. I staden hadde vi evakueringsmønstring (det hadde vi vel hatt uansett…) der vi gjekk til livbåtposisjonane og tok på oss redningsvest og fekk ei lita briefing. Nyttig. Og så har vi byrja å laga ei oversikt øve kva vi har og ikkje har ombord. I alle fall nyttig.
Eg har følt meg betre og betre utøve dagen og, så no er ikkje formen så ille. Det hjalp og å få sjøen inn meir akterut. Det er ei rørsle som passar meg betre. Eg var eigentleg veldig overraska øve at eg skulle bli so dårleg, har aldri så vidt eg hugsa vore så sjøsjuk nokon gong (da veit sikkert mamma og pappa betre enn meg), men i alle fall ikkje dei siste 10 åra, og i marinen ombord på “Horten” hadde vi alt slag ver. Uansett så e eg ikkje så veldig bekymra no, trur det raskt går øve og alt blir som normalt.
Eg har og i lag med Ludvig skrudd i saman ei romaskin og den har eg rodd 5000 meter på i kveld. I tillegg har eg tatt ein liten joggetur og trent ein del styrke. Alt i alt ein og ein halv time med trening i dag og. Eg skal forsøka å bli flinkare til å utnytta pausar betre til å trena litt styrke i staden for sete- og kjevemuskelen
Ta litt hang-ups innimellom.
No e kl snart ti og eg har fått i meg litt mat. Trur eg skal legga meg og lesa litt. Dei andre ser på “Lucky number Slevin” som eg har sett før. Ein knallbra film forresten. No skal forresten MSN (og Skype) verka til å chatta med her hos meg og
Posisjonen no er om lag 25grader33.15′ N 89grader16.38′ W
29. januar
Bra dag
Har ikkje vore kvalm eller noko som helst antydning til sjøsjuk i heile dag. Har fått lært ein god del om dei prosesseringsverktøy vi skal bruka og testa dei på (gamle) reelle data. Og så har eg som eg sa i går fått MSN til å virka, kjekt å få chatta litt med folk igjen. Elles så e da ikkje så mykje spanande å fortelja, har stort sett sete framføre pc’en og jobba heile dagen fram til kl 20.
Einaste e at Ludvig og eg byrja på prosjektet med å henga opp klatretreningsbrettet. Noko som viste seg å ta litt tid. Lure som vi er bestemte vi oss for å bora feste, dvs hol, til 10mm bolt. Igjennom 1 cm stål. Det tek laaang tid. Og er slitsomt. Spesielt slitsomt når ein balanserar på ein kasse som står i ein båt som gyngar at og fram. Og ein skal bora i skulderhøgde. Vi fekk laga to av fire hol i dag, sjølv om vi gjekk ned til 6mm på det siste holet. Brukte nesten ein time på det første.
Og så har eg vore flink og ete mykje mindre mat enn eg har gjort tidlegare, og helde meg unna kaker og snacks i pausane, men forsynt meg av frukta. Og trent omlag ein og ein halv time i dag og. Først 40 min på tredemølla, deretter eit 10 min intervall på spinningsykkelen og så 2500 m på romaskina før eg avslutta med eit nytt 10 minuttars intervall på sykkelen. Med oppvarming og nedtrapping blei det passe. Synest eg har kome inn i ein fin treningsrytme, og ser at det ikkje er umogleg å utvida treningstida kvar dag med ein halvtime eller meir.
No skal eg opp i messa og få meg litt kveldsmat og sjå slutten av Lord of War med Nicolas Cage. Ein veldig bra film det og
Og så må eg opp på brua og sjå om eg ser Cuba.
Posisjon: 22g10.06′N 85g48.77′N
30. januar
Ei lita oppdatering litt tidlegare enn vanleg, men folk har vel lagt seg i Noreg uansett. Har akkurat ete middag. Trur det er første grillmåltidet mitt for i år, i alle fall utandørs
Slett ikkje verst å kunna sitta ute i shorts og t-skjorte og eta grillmat 30. januar. Og i morgon er det snakk om at badebassenget skal koma opp. Men bare så da e sagt så e eg misunneleg på dåke heima som har snø og kan gå på ski og.
Elles har det ikkje vore noke spanande som har skjedd i dag, vi har brukt mykje tid på å telja og få oversikt over innhaldet på lagera. Ikkje lett når ting ikkje er merka og alt er ulike delar som eg i alle fall ikkje har peiling på kva er til eller er i det heile. Men da går no da og på eit vis. Einaste e at det e frykteleg varmt nede på lageret, mykje varmare enn ute på dekk der det no var omlag 24 grader.
Og eg såg ikkje Cuba i går kveld om nokon lurte på det. Veit ikkje heilt kva eg skal ta meg til i kveld, blir nok kanskje trening, elles så skal eg lesa litt bok eller sjå om dei andre skal sjå ein film. Kunne vore fint å ha nokre timar heilt fri og, sjølv om eg sjølvsagt burde trena. Kanskje kan eg skriva litt meir her og litt seinare. Eg legge ut litt fleire bilete og no.
Posisjon: 19g52′N 82g40′W Vi passerar Cayman Island i løpet av natta.
31. januar
Varmt! Det har, og vil vel kanskje og fortsetja slik, blitt omlag 2 grader varmare for kvar dag. No er vil vel oppe i omlag 26 grader. Merkar varmen stort sett øve alt på båten der det ikkje er skikkeleg klimaanlegg, men det er til gjengjeld alt som er “inne”. Slik som instrumentrommet, lugarar, messe, brua og så vidare. Men ikkje lagera der vi har jobba (tre personar med femårig universitetsutdanning telle skruer) stort sett heile dagane og i det som vi kallar “Receiver check”, eit arbeidsrom naturleg nok brukt til å sjekka og konfigurera mottakarane (dei gule på bileta eg har lagt ut). Der skal det eigentleg vera, men motoren til anlegget er øydelagd og det var umogleg å få ny i USA.
Uansett, det er varmt og eg hadde ikkje tenkt å skriva så langt i dag. Vi stille klokko i natt (fram), så det er på tide å legga seg ganske snart. Må bare få i meg litt kveldsmat og vatn. Har trent litt på spinningsykkelen (4×10 min) og spelt eit par bordtenninssett (tapte alle…), og så har vi endeleg fått opp klatretreningsbrettet til Ludvig. Og så må eg sei at eg har fått litt sol på kroppen i dag, deileg å sitja ute med bar overkropp i pausane i dag
Høyre da regna heima, i alle fall i Oslo. Og så må eg hugsa å nemna at eg er blitt utruleg fasinert av blåfargen på sjøen her. Har ikkje fått teke noke bra bilete av det, men det er ein heilt fantastisk flott farge, og særleg med det krittkvite skummet frå båten og bølgjer som bryt.
Til slutt posisjonen: 17g22′ N og 77g08′ W
1. februar
Ei lita oppdatering. Legge ut eit par bilete frå i dag her. Vi har akkurat hatt ein liten pause på helikopterdekk. Ikkje det verste ein kan gjera på
Kjeme til å skriva meir i kveld
Det er ikkje så veldig mykje å skriva heim om i dag heller. Dagane går framleis i rydding og telling dessverre, men vi ser vel at vi nærmar oss slutten på det, og kan byrja oss å konsentrera oss om å leika med utstyret og kanskje sola oss litt. For det er det mykje av
Hadde ein strålande trepause. Klokko tre naturlegvis, men vi strakk han til nesten kvart på fire. Som dåke skjønar har vi det travelt.
Elles så tenkte eg i dag at det i grunnen e veldig få teikn til liv her ute på havet. Eg stod på toppdekk og håpa at det kanskje dukka opp ein kval eller hai eller i det minste ein flygefisk. Og det gjorde det akkurat då! Ein flygefisk altså
Ein liten sølvfarga fisk med venger hoppa/fauk/segla bortøve overflata eit lite stykke. På avstand likna han litt på ein litt stor augestikkar, berre med venger i ro. I trepausen såg eg to til, den eine segla verkeleg langt avgarde. Dei blir nok litt skremde av motorduren vår og flyktar opp i lufta. Eller kanskje det var ein hai som jaga dei opp…
Elles så er det framleis varmt, men blir meir vant til varmen og trur ikkje det var fullt så trykkande i dag. Men eit sikkert teikn på at det er ganske varmt er at det ikkje er mogleg å få kaldt eller kjøleg vatn når ein dusjar. Blir nesten varmare når eg skrur øve på heilt kaldt.
I kveld (klokko e no ti på halvti) trur eg eg skal slappa av med å lesa vidare i boka mi. Den e på øve 800 sider og eg nærmar meg godt og vel halvvegs. Det er litt meir sjø i dag, men den kjem mest rett i mot og då er det ikkje så ille, sjølv om det gyngar kraftig. Men det er berre gøy når ein går ned korridorane. Det er nesten som ein lettar og glir i lufta om ein bereknar stega rett
Eg har trent ein halvtime med intervall på tredemølla og ein del styrke på armar og overkropp i dag og. Sikkert ikkje så mange som er så veldig interessert i kor mykje eg trenar, men eg har no tenkt å dokumentera da for meg sjølv uansett, så når eg fyrst skriv her så treng eg ikkje skriva ting fleire plassar. Det hadde blitt for mykje å halda styr på.
Som vanleg kan eg avslutta dagen med posisjonen no: 16g02′ N og 73g16′ W.
2. februar
Ikkje så mykje å fortelja i dag heller. Har hatt nokså store bølgjer i dag (og i natt), omlag 4 meter. Ein blir ganske sleten av det etterkvart. Og eg blei nokså dårleg ei stund etter at eg sat framføre pc’en ein lang periode og jobba. Men det kom seg heldigvis etter 20 minuttar liggande i sola ved helidekk. Så resten av dagen (det var i trepausen) har gått bra.
Resten av dagen har vi ikkje gjort så veldig mykje. Eg har øvd meg på å kjøra analysar av data og så har vi byrja å testa utstyr. Før middag sat eg på toppdekk og fekk med meg ein nydeleg solnedgang. Prøvde å ta nokre bilete, men veit ikkje kor vellukka dei vart, ser ut til at det har kome litt fukt inn i kameraet. Det duggar i alle fall kraftig på og i objektivet når eg går ut for å ta bilete. Det er vel og noko som blir ekstra tydeleg her sidan det inne er tørr airconditionluft medan det ute er nokså fuktig, særleg merkar ein det når sola er i ferd med å gå ned og ikkje varmar så mykje. Skal sjå i morgon om eg får lagt ut eit par av dei om dei visar seg å vera noko og ikkje fulle av dogg.
Sjøen og vinden har heldigvis roa seg veldig utøve kvelden, men framleis er det enkelte bølgjer som gjere at ein nesten lettar der ein sit eller ligg. Eg har ikkje trent i dag i og med at eg var så dårleg tidlegare i dag, så vi blei sittande å sjå film. Vi såg “Kiss Kiss, Bang Bang” som eg på førehand trudde skulle vera bra. Den viste seg å vera veldig bra
No er klokko blitt kvart øve ti og eg trur eg skal legga meg tidleg, kanskje lesa eit kapitell i boka og setta klokko til å ringa ein halvtime tidlegare i morgon og ta meg ein joggetur. Om det faktisk skjer får tida visa…
Posisjonen i dag er omlag: 14g31′ N og 69g04′ W.
3. februar
Blanda dag i dag. Før lunsj kjeda eg meg noko heilt utruleg. Blei nok ganske lei i går då eg var dårleg og det kombinert med ingenting å gjera før lunsj og tanken på at det skulle bli slik heile resten av vegen til Natal (meir enn ei veke til vi er der) gjorde meg ganske så frustrert. Eg blei fekk nok litt heimlengsel. Heldigvis gjekk det betre etter lunsj då eg fekk meir å gjera og låg litt i sola og jobba med brunfargen i ein pause.
Vi har byrja testing av utstyr, noko som tek mykje tid då det er store ting som må flyttast på og mange boltar og mutrar som skal løysast og skruast på igjen. Uansett så er ikkje det så veldig interessant for andre
Eg var forresten lika flink som eg hadde tenkt i går kveld. Stod opp tidleg og sprang ein halvtime på tredemølla før frukost. I kveld skulle eg og vera veldig flink. Hadde planlagt å ta ei god intervalltrening på spinningsykkelen, men det var ikkje plass ved den så då blei det den gamle tredemølla. Tabbe… Flink som eg er greide eg å detta av mølla og eit eller anna i kneet laga ein lyd og da gjorde vondt. Eg låg og vrei meg på dekket eit par minutt før eg fekk stabla meg opp og prøvde å jogga heilt roleg. Det gjekk heldigvis nokså bra, så alt er nok ikkje øydelagd. Eg kom meg og opp trappene til lugaren og fekk lagt på ein ispose. Den hadde eg på ein god halvtime og det hjalp trur eg. No har det gått ei god stund, eg har ete litt kveldsmat (restar av pizzaen frå lunsj) og fått stelt meg for natta. Det verke framleis godt i kneet, men håpar det er betre i morgon tidleg.
Klokko e bare blitt ti påp halv elleve, men vi stille klokko fram ein time igjen i natt, så då er det eigentleg bare å få lagt seg. Ikkje noken lange søndagsmorgonar her. Alle dagar er meir eller mindre like, kanskje maten er det einaste ein kan skilja dei frå kvarandre på. Så i morgon blir tidsskilnaden til Noreg bare fem timar. Vi skal stilla klokko fram to gonger til før vi er framme, så det blir nok ikkje så stor omstilling når eg kjem heim. Kun to og ei halv veke igjen no
Håpar eg i alle fall, det kanskje bli opptil tre veker, men det minkar!
Posisjonen i kveld er: 13g06′ N og 65g36′ W.
4. februar
I kveld kan eg byrja med posisjonen: 12g42′ N og 65g06′ W. Om ein er litt merksam ser ein at vi ikkje har forflytta oss særleg langt. Klokko e no ti og vi har i grunnen bare gått på fram i 5 timar sidan i går kveld. Eg fekk ikkje heilt med meg at vi faktisk stoppa i går kveld. Ein eller annan gong slutta den eine hjelpemotoren å fungera, og for å fiksa den måtte dei først kjøla han ned i 7-8 timar og så har det vel teke litt lengre tid enn dei hadde trudd å få motoren til å fungera igjen. No er vi uansett omlag 20 timar ekstra forseinka. Ser ut til at det blir ganske lita tid til faktisk læra kva jobben faktisk går ut på, men vi rekke vel å setta ut mottakarar om myndigheitene i Brasil ikkje er altfor byråkratiske når dei skal klarera skipet. Men om vi må bli i Natal eit par dagar så er nok ikkje det så ille heller, har høyrt det skal vera ganske bra strender der.
Det har eigentleg vore ganske behageleg å ligga i ro og duppa. Merkar sjøen mykje mindre enn no når vi går rett opp mot bølgjene, men det har no roa seg ganske mykje, så eg trur ikkje eg kjem til å bli dårleg i dag (no skal eg uansett sova). Men det er framleis nokre kraftige dønningar som ein merkar godt.
Vi har helde fram med å sjekka utstyr, men eg har og hatt god tid til å lesa litt om magnetometer. På soldekk sjølvsagt
Byrjar å få litt farge. Elles så har eg ikkje gjort så mykje spanande, kneet, eller eigentleg rett under kneet, som eg hadde vondt i i går er mykje betre i dag, men litt ømt. Eg har ikkje jogga eller sykla i dag, berre trent litt styrke på armane. Og så har eg sett litt film på laptopen og lese ein del i boka mi. Har i grunnen fått slappa av litt som på ein søndag heime. Nesten i alle fall.
Eg har i grunnen ikkje så mykje meir å fortelja i dag, dagane er ganske like. Ein dag mindre til eg kjeme heim, 17 dagar igjen til eg reise om det blir mannskapsskifte på onsdag den 21. som planlagt.
5. februar
Posisjonen er, eller var for nokre minuttar sidan: 11g37′ N og 61g00′ W noko som betyr at vi passerte Grenada litt tidlegare i kveld. Noko eg ikkje fekk med meg i det heile. I dag har vi faktisk jobba ganske bra. Eg og Shingy (ein artig fyr frå Glasgow som ler omtrent heile tida) tok, som i går, første skift med batteribyte på mottakarane. Dette gjorde vi fram til lunsj og greide fira stykk, noko som gjorde oss til nye Champions of Caribbean (vi har “Champion of” som tittel på alt mogleg, det er ei intern greie (ikkje seriøst) som henspeilar på enkelte amerikanske “sjefstitlar”.), men vi mista den etter lunsj
Då greide neste skift seks stykk, men dei fekk litt hjelp og brukte litt lengre tid enn oss, og eg var uansett med på å ta tittelen tilbake etter middag. Då fekk vi verkeleg fart på oss og greide ni stykk på omtrent same tid som vi brukte på fira. Men vi var no fleire og greide å effektivisera “drifta”. Uansett, det betyr at eg har flytta mykje på pallar med tunge ting på og skrudd utruleg mange mutrar laus og på igjen. Men dagen har no gått ganske fort og eg har ei kjensle av å ha gjort noke. Og det er jo kjekt. Eg har jo sjølvsagt og fått litt tid (omlag ein time) til å sitta/ligga i sola og jobba med fargen.
Eg har og fått trent litt, sykla ganske roleg på spinningsykkelen i 50 minutt med eit par litt hardare intervall innimellom. Det gjekk ganske bra med beinet, kjente ikkje meir til smertene i alle fall, same kor mykje eg tok i. Fekk og tatt ein del sit-ups og så trente eg og Ludvig ein del hang-ups og fingertrening på klatretreningsgrepa våre. I tillegg har eg trent hang-ups på omtrent alle bjelkar eg har passert i heile dag. Har blitt ein del
Eg lurte på om eg skulle skriva litt meir om båten og diverse anna i dag, men klokko har passert elleve og sidan vi jobba til ni og eg trente etter det trur eg eg må ta det ein annan dag. No får eg ta ein dusj og legga meg.
6. februar
Fin dag i dag. Ikkje veldig supert ver, men dagen har gått fort og da e stort sett det som telle når eg ikkje e heima. Vi har hatt mykje å gjera med å testa om mottakarane fungerar som dei skal i dag, og vil nok driva på med det i dagane som kjem. I alle fall fram til fredag. Det er planlagt at vi skal ha ein felttest og kalibrering av utstyr då. Passar bra å få delt opp den siste veka før vi når Natal litt. I tillegg har vi visst noko å sjå fram til, eventuelt grua oss frykteleg til (i alle fall sa kaptein Kjell det på ein bar i Galveston) på lørdag. Då skal vi etter planen passera ekvator og med det følgje det ein sermoni for dei (meg inkludert sjølvsagt) som ikkje har gjort det før. Men om vi overleve får vi diplom!
Ein annan ting som gjere at eg e nøgd med dagen er at eg har hatt ei skikkeleg treningsøkt: 8×5 minutt intervall på spinningsykkelen pluss litt oppvarming og nedtrapping. Eg har ikkje teke så mange hang-ups i dag, litt sleten i armane i dag…
No bør eg vel eigentleg legga meg snart, litt trøytt i sju-åtte-tida i dag, men eg måtte setta på ei klesvask etter treninga, så eg “må” nok lesa i boka mi i kveld. Håpar eg kan bli ferdig med ho før eg skal heim, så kan eg kanskje få byrja på ei av dei fem andre eg har med. Trur ikkje eg eigentleg har rekna heilt feil med kor mange eg skulle ha med meg, heller ikkje kor mykje videoar og musikk eg burde ha med meg - på ein normal tur. Det blir litt spesielt når vi ikkje jobbar skift på nesten heile turen og det har blitt enkelte ekstra lange dagar. Så eg tek nok med meg lika mykje neste gong, kanskje eg faktisk kan få gjort noko konstruktivt med Topp 100 lista mi då
Sjøen har vel eigentleg roa seg veldig no og det er mykje mindre vind enn tidlegare. Men det er framleis nokre store dønningar som verkeleg gyngar på båten innimellom. Det gjere da vanskeleg å sykla som eg har gjort i dag. Når ein må passa på og legga seg over for at spinningsykkelen ikkje skal velta i bølgjene gyngar det litt
No har eg fått i meg kveldsmat. Gryn og melk som ikkje går ut på dato før i august, den ferske gjekk ut på dato for fire dagar sidan så den er fjerna. Det er visst ganske strenge reglar for slikt i Brasil (best før datoar på matvarer altså), og ein kan få store bøter om klareringsfolka (dei som vi håpar ikkje skal vera altfor byråkratiske når vi kjem til Natal) finn slikt. I tillegg har vi no fått ti - 10 - ulike bossbøtter. Har og fått høyra at det kjeme ti nye personar ombord i Natal, og må vel rekna med at eg ikkje får einelugar etter det. Håpar den eg må dela med går motsatt skift av meg. Dette var vel ein liten digresjon frå det faktum at eg har fått i meg kveldsmat og det er på tide å pussa tenna og lesa litt. Så som avslutning, her er posisjonen i kveld: 9g34′ N og 57g09′ W.
7. februar
Bra dag i dag og. Vi held fram med testing av mottakarane, noko som er relativt behageleg. Ganske så varmt der vi held på, men det blir ein vant til og det er rett og slett ikkje mogleg å halda noko veldig høgt tempo på grunn av dei testane vi gjere. Så då får ein på ein måte slappa litt av samstundes som ein jobbar og tida går. I tillegg hadde eg og Erlend eit prosjekt med å henta litt vatn i frå sjøen med ei bøtte og ein taustump. Gjekk bra, men litt treigt, får bruka brannpumpa neste gong. Vatnet er heilt utruleg klart, skulle tru det var det finaste fjellvatn, i alle fall noko heilt anna enn vatnet i fjordane heime.
No e klokko kvart på ni, vi (dei tre FG’ane) var ferdige for dagen for ein liten halvtime sidan. Det ser ut til at eg no tek ein dusj og at vi innvilgar oss treningsfri for å hindra at vi blir overtrente
Blir nok til at vi sette på ein film i staden for. Det går i James Bond for tida i kinosalen, så det er nok fare for at det er ein slik ein i kveld og. Trur det er 16 eller 17 igjen i boksen.
Får sjå om eg skrive litt meir før eg legge meg, må jo ha med posisjonen i kveld og. Det blir kanskje bare i dag og i morgon før søndag kanskje sidan vi skal ha test på fredag. Sjølv om det ikkje har noke med oljeleiting å gjera treng eg ikkje opplysa for heile verda kor vi er akkurat då.
Eg kom ikkje på at vi stille klokko fram ein time til i natt, så det var ikkje stemning for nokon lang film i kveld. Det blei difor to episodar med “The Simpsons”, noko som passa meg heilt fint. No er klokko ti, eller elleve etter at vi har stilt klokko, så det er på tide å legga seg i køya, lesa eit kapittel i boka og sova litt. Håpar på meir sol i morgon då det blir ein del arbeid ute på toppdekk om det er ver (ikkje mykje vind eller regn) til det.
Posisjonen er no rett før eg legge meg: 7g18′ N og 53g32′ W.
8. februar
Eg e nøgd med dagen i dag og
Har fått jobba ein del og trent ganske mykje. Og sett film, i alle fall delar av ein film. James Bond “Living daylight” eller noko i den duren stod på og då eg fann meg kveldsmat blei eg sittande framføre komaboksen og sjå på. No greide eg heldigvis å riva meg laus, det var nok ein halvtime igjen, men ingen grunn til å sjå meir. Byrja dagen med å ikkje ha noko å gjera før lunsj eigentleg, så eg gjekk i treningsrommet og fekk meg ein liten time på spinningsykkelen (6×3min styrketrakk) og litt styrketrening i tillegg. Etter lunsj var det vidare arbeid frå i går med mottakarane. Vi delte oss opp litt, men det blei ikkje noko av planane om arbeid på toppdekk. For mykje vind og for lite sol (og endo varmare enn på det dekket vi arbeida på) gjorde at vi droppa det. Rett etter lunsj hadde vi og prøving av overlevelsesdrakter. Det var veldig varmt. Uansett, vi delte oss som sagt opp der ei gruppe gjorde vedlikehald av mottakarane medan den andre dreiv testing av dei. Vi kom vel ikkje så langt vi ville med testinga. Det tek litt tid med dei som ikkje fungerar. Dei som fungerar er testa og godkjent på femten minutt, medan dei som ikkje fungerar tek “litt” lengre tid. Ein brukte vi 3 timar på. Men vi blei ferdig med det vedlikehaldet vi kan gjera på mottakarane før testing på alle, så no e da bare testing igjen
Heldigvis, for å jobba med vedlikehaldet av mottakarane er varmt og slitsomt. Trur det var omlag 35 grader der vi jobba i dag, og sikkert oppmot 100% luftfuktigheit. Svetten sila i strie straumar sjølv om eg nesten sat i ro. Blei ikkje betre av å slita og bruka masse krefter på å få ting i hop.
Eg har fått trent litt i kveld og, fyrst rodde eg 3000 meter på romaskina, så jogga eg i 20 minutt (nokså roleg, to 800 meter intervall, men hadde litt vondt i eine kneet) og så avslutta eg med å ro 2000 meter til.
No e eg ganske så klar for å sovca litt, i alle fall om eg les eit kapitel i boka og (nærmar meg slutten no, bare omlag 250 sider igjen…). Blir nok ein lang dag i morgon. Etter planen tidlegare i veka skulle vi vera framme ved prøveområdet ved lunsjtider i morgon, men sidan alle planar har det med å sprekka på denna turen (meir straum i mot enn vi hadde håpa på, har bare hatt omlag 9,5 knop framover) så kjem vi nok ikkje fram før rundt middagstider, og då blir klokko fort midnatt før vi er ferdige. Om alt fungerar. Noko eg tvilar litt på at det kjem til å gjera på første forsøk
Så no e da leggetid.
Tusen takk til alle som skriv epost til meg og helsingar her, veldig kjekt å få, og beklagar at eg ikkje e so flink til å svara sjølv.
Posisjon i kveld: 4g57′ N og 50g16′ W.
9. februar
Då er vi i gang
Har fått “droppa” prøvemottakaren (receiver er terminologien brukt her) og er på veg vekk for å setta ut tauefisken og antenna. Så langt har alt gått bra, men det er foreløpig den enklaste delen som er gjort. E liksom ikkje så veldig ulikt å kasta ein stein i sjøen og få den til å synka, men det er ein 200 kg tung stein så litt arbeid er det jo.
Det går og rykte ombord om at vi ikkje skal til Natal, men heller reisa rett til leiteområdet (survey area) om vi får papira i orden. Hadde jo gleda meg litt (ganske mykje) til å få litt fast grunn under føtene, og ein dag eller to på stranda i Natal hadde sikkert ikkje vore ille det heller. Men no når det likevel er så kort tid til eg skal heim (følest i alle fall som veldig kort tid) er det ikkje så gale. Båten må uansett inn til Natal før eller seinare, og om det blir seinare så blir det vel ved mannskapsbytet, så då blir det vel ei veke med arbeid før vi må inn til hamna (turen frå survey area til Natal tek eit par dagar). Og i den tida er det sikkert mogleg til å slappa av litt.
Kan henda eg skrive meir litt seinare i kveld.
10. februar
Det blei ikkje til at eg skreiv noke meir i går kveld. Var ikkje så veldig travelt, men heile tida noke å gjera eller følgja med på og læra av. Og til slutt blei det veldig seint, eg var ikkje i køya før halv fem. Sov fram til lunsj og etter lunsj prøvde eg og Ludvig å få noko fornuftig ut av data frå mottakaren vi hadde satt ut. Det brukte vi eit par timar på, og fekk vel ikkje noko lurt ut av dei. Det var ikkje ein heilt vellukka operasjon i natt uansett, vi hadde problem med vinsjen som kjelda heng i og litt med straumforsyninga til kjelda og. Men det er uansett veldig fint å oppdaga desse feila no og ikkje under produksjon. Og no er vi ikkje lenger på veg mot Natal, men mot produksjonsområdet. Så no har vi faktisk litt dårleg tid med å klargjera nok mottakarar til vi skal byrja. Så i natt byrjar vi med å gå skift. Eg skal gå natt, noko som betyr eg må få meg litt søvn, men først skal vi ha eit møte no klokko sju.
Vi har grilla på toppdekk til middag i dag og, fint og godt, men det har vore litt skyer og faktisk eit par regndråpar i dag så det er litt kjøligare (men meir enn varmt nok eigentleg).
I morgon tidleg får vi besøk av Kong Neptun, blir nok ei blanda oppleving trur eg…
Kan henda eg får tid til å skriva litt meir i løpet av natta, får sjå kor lei eg blir av mottakarar som ikkje verkar
Eg tok eit par bilete i går og lagt dei ut her.
11. februar Vi har passert ekvator i dag. Og til ei slik stor hendig kom sjølvsagt kong Neptun med følgje på besøk (eg har teke nokre bilete, og andre har teke fleire, skal prøva å få lagt ut ein del om ikkje altfor lenge). Klokko ti blei vi henta i messa og frakta opp på toppdekk. Der blei vi ført inn i eit lukka rom, men først tilfeldigvis forbi eit bord med ulike illevarslande gjenstandar… Der måtte vi (13 stykke) venta medan ein og ein blei ført ut for å gjennomføra linjedåp. Eg vart sittande igjen som sistemann. Lenge og varmt. Eg blei no til slutt henta ut og ført fram til kongen av dei sju hav. Eg kan ikkje avsløra innhaldet i sermonien i detalj i tilfelle det er nokon som les dette som ein gong hamnar i same situasjon (lite truleg…), men i generelle vendingar kan eg vel sei at det var viktig å visa respekt for kongen, det var noko å putta i munnen og svelgja det ned med. Og vatn sjølvsagt. Pluss ein ting eller to til. Uansett så er det harmlaus moro og eg har fått diplom som gjev meg rett til fri segling på dei sju hav og uhindra kryssing av “linja” med Neptun si velsigning og beskytting. Men det var godt med ein dusj og noko å drikka etterpå
Elles så har eg jobba i heile natt, noko som har gått heilt greit, og eg trur eg likar nattskiftet godt. Har fri etter tolv og då er det jo fint å slappa av ein time eller to i sola (gjorde det i dag). Og så trena litt før ein legge seg. Eg har trent litt styrke i dag og skal ta ei kort økt til før eg legge meg (ventar på ei klesvask). Dei siste tre dagane har eg hatt vondt i leggen/kneet der eg slo meg då eg datt av tredemølla. Det var heilt fint eit par dagar etter hendinga, men no blir det ikkje noko betre, nesten heller det motsette. Håpar at det hjelp å ikkje bruka beina altfor mykje eit par dagar kan hjelpa (ikkje noko jogging eller sykling
)
Vi er nesten framme ved leiteområdet no og eg reknar med at skiftet før meg byrjar med å setja ut mottakarar, men det tek nok mellom eit og eit og eit halvt døger, så vi får nok øvd oss på det vi og. Om det går bra så byrjar vel vi å taua kjelda natt til tysdag eller om morgonen. Og det tek sikkert si tid det og, det er djupt og vi går med maks 2 knop. Om alt vidare går etter planen kan vi vel byrja å ta opp mottakarar etter det og byrja med prossesering av data til helga (det er det som eigentleg er jobben min
)
No skal eg lesa litt meir trur eg før eg hentar klesvaska og trenar litt til og legg meg til å sova. Blir nok travelt i natt, så eg tvilar på om eg får skreve noko meir. Men eg er sikkert tilgjengeleg på msn.
12. februar
Det blir ei veldig kort oppdatering i dag, trur eg skal få tid til å skriva meir i natt om da blir behov for det. I dag, det vil seia i natt, har vi jobba mykje. Eg har arbeida med klargjeringa av mottakarane, for det meste aleine då dei andre på skiftet (3 stykk) har vore opptekne med navigasjon og kasta mottakarane på sjøen. Det har vore eit jamnt høgt tempo, og natta gjekk ganske radig unna. Elles så har eg vore endo meir plaga med kneet mitt, det er litt hovent og generelt ubehageleg. Eg prøve å belasta det minst mogleg, men det er litt vanskeleg når ein må flytta på utstyr og køyra pallejekk. Etter frukosten fekk eg litt hjelp og då var det greit at dei kunne gjera det meste av flyttinga. Etter skiftet åt eg lunsj/middag (hamburgar) og las litt i sola før eg sovna ein liten halvtime i sola. Hadde smurt meg inn med solkrem sidan eg hadde ein mistanke om at det kunne skje… No har eg trent litt styrke (ingenting på beina) og skal lesa bittelitt (veldig nær slutten i boko no) før eg forhåpentlegvis sovnar og draumer søtt til rundt halvtolv og ein ny dag/natt. Trur det kan bli mykje rolegare i natt sidan det ser ut til at skiftet som er på no får plassert ut alle mottakarane og vi kan byrja med tauing. Som sagt, litt kort, men kanskje meir seinare
13. februar
Oioioi. Eg er så trøytt
Ingenting å gjera på i natt. Skiftet før oss hadde fått plassert ut resten av mottakarane og fått uti fisken, men vinsjen fungerar framleis ikkje skikkeleg, så vi har tøffa rundt i litt mindre enn 2 knop og ikkje gjort noko. Eg kunne sikkert ha kikka på fleire mottakarar og sjekka om dei fungerar som dei skal, men har ikkje lyst til å pressa kneet noko, og det hadde eg gjort ved å flytta rundt på pallar med tung last, så eg har vore i instrumentrommet i heile natt. Det har vore litt kaldt og litt kjedeleg, og no e eg som sagt veldig trøytt. Eg la meg og litt seint i går ettermiddag, men er ferdig med boka. Konklusjonen er at den var veldig skuffande, den verka lovande og “settinga” hadde potensiale til så mykje meir. Eg har no uansett byrja på ei ny bok. Denne gongen er det krim av Gert Nygårdshaug. Eg har lese ei bok av han tidlegare (ikkje så veldig lenge sidan), og blandinga av krim, litt humor og det som verkar som overnaturlege fenomen, men som (ofte) får si logiske forklaring er ganske så god. Det er og ei mykje kortare bok enn dei nesten 800 sidene i Eye of the World, så det kan jo henda eg kan byrja på endo ei bok om det blir lika lite travelt den siste veka som i kveld. Vi skal no uansett, om vi får vinsjen til å fungera, taua i eit døgn eller tre, og medan vi tauar er det ikkje så mykje spanande å ta seg til.
Etter at skiftet mitt er ferdig (klokko e no akkurat passert halv ti) trur eg eg skal smøra meg godt inn med solkrem og legga meg ut i sola. Ta med meg boka, men mest sannsynleg blir det til at eg sovnar. Uansett skal eg legga meg tidlegare enn i går.
14. februar
I natt jobba vi litt. Vi har måtta ta ombord igjen tauefisken pluss heile resten av utstyret som heng etter denne, det vil seia antenna og halefisken. Litt av ein jobb, særleg for tre stykke som ikkje har gjort det noko særleg før (eg hadde ikkje gjort det, dei to andre hadde gjort det hhv ein og tre gonger). Men vi tok det veldig roleg og forsiktig og følte vel at vi hadde ganske bra kontroll. Etter at fisken var på “land” var der feilsøking, men vi fann ikkje ut kva som kunne vera gale, i alle fall ikkje kva vi kunne gjera for å fiksa ting. Så då gjekk resten av skiftet, noko som vil seie etter frukost, roleg for seg, og eg fekk lest ut boka (Honningkrukken). Den var ganske bra, ikkje fullt so bra som den forrige eg las, som var ei bok seinare i serien. Men trur nok eg kjem til å lesa fleire av bøkene til Nygårdshaug.
Eg har som vanleg slappa av etter lunsj, såg ein episode med “The Simpsons” og byrja på ei ny bok ute i sola. Denne gongen er det “24″ boka eg kjøpte i Galveston. Har vel kome til tredje timen no, verkar ok, veldig lik fjernsynsserien i oppbygging, lett å kjenna seg igjen. Men det kan henda at eg byrjar på ei anna bok og, veit ikkje om “24″ boka er ei eg orkar å lesa samanhengande.
Eg låg som sagt i sola og las bok og hadde tenkt meg inn, men då kom Erlend opp med to pils (ikkje pils, men alkoholfritt øl som er det einaste som er lov ombord) og skulle ta eit bad i badestampen. Det høyrtest veldig fristande ut, så eg stal den eine pilsa og blei med oppi. Utruleg avslappande og veldig godt og varmt vatn. Men sjøen (det er sjøvatn i stampen) her er utruleg salt. Etterpå måtte eg sjølvsagt tørka i sola
Byrjar å få bra med farge no, stort sett brunfarge, men enkelte plassar har eg ikkje vore flink nok med solkremen og har blitt “litt” raud. Men det er dei som har det verre enn meg.
Elles så har eg fått ein støttebandasje til kneet mitt i dag, og eg trur det hjelpe bra på. Hadde ikkje den då vi jobba i natt dessverre, og då hadde eg ganske vondt, men etter at eg fekk på støttebandasjen har det gått greit.
No e klokko passert halv fira, eg har faktisk tenkt å leggja meg no alt. Var ganske so trøytt rett før frukost i dag (og i går) så det er på tide med litt meir søvn enn det har vore dei siste dagane. Om vi ikkje finn ut av problema med tauefisken i løpet av kvelden og natta vil eg nok få god tid på skiftet og kan kanskje skriva meir og kan henda kan eg få tid til ei lita lett treningsøkt eller to og (ikkje noko som involvera beina endo sjølvsagt).
15. februar
Ingenting nytt å fortelja eigentleg. Vi har ikkje funne ut noke meir om kva som feilar utstyret, og det er jo ganske kjedeleg. Så eg har stort sett lest bok og surfa på internett i heile natt. Noko anna har vi fått gjort, eg og Erlend har testa ein del ulike ting med tanke på moglege feilkjelder, men har ikkje funne noko. Det er vel og snart slutt på idear, vi har testa å byta så å seie alle kablar (nye i utgangspunktet og veldig lite sannsynleg feilkjelde) som ein slags siste utvei. Men det har ikkje ført fram, så det må nødvendigvis finnast ein godt skjult utveg ein eller annan stad…
Eg tenkte eg skulle få meg litt sol etter skiftet var ferdig, og smurte meg godt inn med solkrem (snart oppbrukt) og la meg ut. Etter ti minuttar byrja det å trekka opp litt, og eg kjente eit par dråpar, men eg var fast bestemt på at farge skulle eg få i dag og, og litt vind og eit par dråpar skulle ikkje stoppa meg. Etter nokre minuttar reiste eg meg opp, såg litt ut mot horisonten, tok boka og flipp-floppane og kom meg så fort eg kunne ned frå helidekk og under tak. Rakk akkurat å unngå ei skikkeleg kraftig regnbyga. Etter den har det ikkje blitt noko særleg betre ver, så eg har lest litt meir i boka inne, og so har eg trent litt styrke.
Vi venta eigentleg besøk frå nokre inspektørar frå Brasil i dag. Dei skulle koma klokko tre, men vi har ikkje sett noko til dei endo (klokko e nesten fira), og kan ikkje sjå noko til båten deira på radar. Så då unngår vi vel dei ein dag til og kan sova trygt. Har høyrt dei kan vera ganske strenge med tolking og oppfølgjing av alle moglege reglar og vedtekter.
No har eg tenkt å ta meg ein dusj og sjå ein episode av “The Simpsons”, men eigentleg burde eg legga meg. Får sjå kva det blir til med sjåinga.
16. februar
Laaang natt i dag. Ingenting å ta seg til og då eg heller ikkje fekk sova skikkeleg i går blei det ei stund vanskeleg å halda seg vaken. Men no e klokko passert lunsj og eg har fri. Det er overskya og trist ver ute, så det blir ikkje noko soling av kroppen i dag heller. Har planar om å sova ein liten time no, og so få trent litt og eta litt kveldsmat før eg legge meg igjen.
Har fått flybillettar heim i dag, ganske skuffa øve at det blir heimreise først på fredag i neste veke og eg e ikkje i Oslo før på laurdag formiddag
Men, slik er det no eingong i denne bransjen. Gleda meg i alle fall utruleg mykje til å koma heim (har eg sagt det før…). Merkar at eg til og med byrjar og bli lei maten her. Saknar vanleg brød med godt pålegg, og å laga middag sjølv (eller at Kanutte lagar som er det vanlegaste…).
Vi har no fått ombord inspektørane frå Brasil i dag, har så vidt helst på ein eller to av dei (trur det er fem av dei ombord), men har sett generelt lite til dei i dag. Det er visst ein som skal kikka etter kval og ein annan etter fuglar. Ein tredje skal sitja på radiosambandet mot omverda, det er ikkje så mange her ombord som snakkar portugisisk. Kva funksjon dei to siste har veit eg ikkje, men det har sikkert noko med å passa på at vi sorterar reine(eventuelt skylte) og skitne pappkoppar i rett bøtte.
Må nesten avslutta akkurat no før eg sovnar sittande i sofaen på lugaren, ikkje lenge til. Eg kan heller sjå om eg kjeme på noko anna å fortelja seinare i kveld.
17. februar
Klokko har akkurat passert halv sju, lite har skjedd så langt i natt. Vi har måtta ta fisken opp på dekk igjen, elles har eg/vi ikkje gjort noko. Eg har sett litt på film, ein dokumentar som heiter “The Corporation”, og den kan absolutt anbefalast. Det er faktisk mogleg å lovleg lasta den ned frå nettet, til dømes her (bittorrent).
Elles så har vi dei siste dagane fått besøk av nokre små, svarte fuglar. Dei verkar ganske forvirra og/eller sjuke. Eit par av dei flaksar omkring og kræsjar i alt mogleg rart. Anten så er dei delvis blinde elles så er dei alvorleg sjuke. Skal sjå om eg treffe fuglekikkarinspektøren og høyra om han har forklaring.
Ser ut til at det kan bli litt betre ver i dag, i alle fall litt lettare no enn i går, håpar det blir mogleg å få litt sol. Må passa på om eg legge meg ned, i alle fall om eg blir lika trøytt som i går. Då sovna eg, fullt påkledd , rett etter skiftet var ferdig og sov i nesten to timar. I tillegg la eg meg tidleg(are) og sov veldig godt, så det kan jo henda eg greie å halda meg litt meir vaken i dag. Men dagen blir jo fortare ferdig om eg søve… Siste laurdagspizzaen i dag, og det betyr at eg snart e heima
Blei ikkje sol i dag heller
Så eg arbeida litt “øvetid” med å sjekka ein mottakar, og so har eg trent litt styrke ein liten time og ete litt laurdagssnop. Det var utruleg godt med salt potetgull i dag. Anna er det vel ikkje å fortelja frå dagen i dag no rett før eg legge meg. Utanom at foren min nok ikkje har det heilt bra. La merke til at den høgre leggen verka litt større enn den venstre, og so mykje større musklar har eg ikkje i den høgre i høve til den venstre. So samanlikna eg anklane. Opphovna ja
Det kan jo skuldast lite blodgjennomstraumning på grunn av støttebandasjen, men eg trur eigentleg den har vore laus nok. Får sjekka når eg vaknar i kveld og har hatt han av nokre timar. Uansett får eg vera ekstra forsiktig framøve. Skikkeleg teit og frustrerande om eg ikkje kan gjera som eg vil når eg kjeme heim. Ser ikkje akkurat lyst på å ikkje ha moglegheiten til å gå på ski, sykla osv. Håpar det går bra!
18. februar
E vel ikkje noko å beretta om i dag heller. Lite eller ingenting å gjera, eller heller, lite vi orkar ta fatt på. Eg merka i alle fall at eg byrjar å bli ganske så lei av at ting ikkje fungerar, og at lysta til å ta til på andre ting ikkje er så stor som har vore og burde vera. Men vi har no likavel byrja litt på å sjekka dei mottakarane som står igjen slik at det er klart til det neste mannskapet kjem ombord.
Slik det ser ut no vil vi gå inn til Sao Louis på tysdag for å henta ein teknikar som forhåpentlegvis kan hjelpa oss til å få ting til å fungera. Vi kjeme nok til å gå ut igjen på tysdag og slik at vi kan få litt tid med fisken i sjøen medan teknikaren er her. Det er uansett ikkje meir enn 10 timar inn til land, men vi må tilpassa det til kva tid det er flo og fjære. Det er visst 6 meter skilnad her, hadde ikkje vore kjekt å bli sittande fast inne i hamna (eller kanskje det hadde vore fint…).
Elles så har vi hatt ei brannøving i dag, noko som for min del bestod i å stå ute på toppdekk i lag med nokon andre og venta. Grei pause. I natt fekk eg sett “Superman returns”, ein film som ikkje kan anbefalast på noko anna grunnlag enn at det handlar om Supermann. Ganske tynn og skuffande historie som i tillegg var dårleg fortald/filmatisert. Etter skiftet og brannøvinga har eg lege ute og lese litt i ei ny bok (ferdig med “24″-boka om eg ikkje har nemnd det), denne gongen er det Håkan Nesser si “Det grovmaskede nettet”. Spanande og bra så langt (175 sider av 250). Det kom nokre dråpar så eg måtte legga vekk boka ei lita stund, men eg såg blå himmel lenger framme så eg var fast bestemt på å ikkje gå inn. Det svara seg, og eg trur faktisk eg har fått endo litt meir farge, ikkje raud heller sjølv om eg ikkje hadde smurt meg… Eg har akkurat trent litt, ganske lite i dag, kun situp, pushup, hangup og ryggøvingar. Må la musklane få kvila litt og
No er det rett i dusjen og deretter i seng, klokko har passert fire, som er leggetid, for eit kvarter sidan.
19. februar
Endeleg! Vi har fått fisken i vatnet igjen og har byrja å taua ei linje. Kjelda har stått på i snart fire timar, så det ser ut til at det går bra
Skiftet byrja skikkeleg dårleg, eg skulle sjekka mottakarar, men fann ikkje ut kva som var gale med den første. Prøvde alt mogleg, laga nye kablar (til ein signalgenerator, dei burde skiftast uansett), men ingenting hjalp. Då eg til slutt gav opp og skulle pakka saman og køyra vekk mottakaren oppdaga eg at det var gjort ein skikkeleg tåpeleg feil i testoppsettet (det var faktisk ikkje eg som hadde gjort den feilen heldigvis…), og då verka alt
Ikkje lenge etter fekk vi beskjed om å gjera oss klare til å setta fisken ut og. Så då var dagen redda.
Alt dette betyr jo sjølvsagt at eg ikkje veit kva som skjer i morgon, om det blir inn til kai eller ikkje. Men den tid, den sorg. Heim på fredag skal eg no uansett, om eg so må svømma til land.
Elles så har eg ikkje gjort noko i dag. Det stemme kanskje ikkje heilt, sidan vi etter lunsj har hatt eit informasjonsmøte med kvalkikkarane der vi har lært/blitt opplyst om ein del reglar og plikter som gjeld i Brasil for operasjonen vår. Tok faktisk godt og vel to og ein halv time, men var og faktisk veldig interessant. Så no når eg har ete litt “kveldsmat” e klokko blitt halv fira alt, og eg har eigentleg lyst til å legga meg. Må vera opplagt til i natt, må nok rekna med at eg skal styra vinsjen(som fisken henge i) litt inni mellom i natt, og då gjelde det å vera oppegåande nok til ikkje køyra fisken i havbotn…
20. februar
Tysdag i dag, og det betyr at eg om 4 døgn bør vera på eit fly øve Tyskland, sånn ca. Gleda meg, for dei som ikkje skulle ha fått det med seg endo. Det var ein dårleg start på skiftet i går kveld. Eg stod opp og gjekk inn på instrumentrommet og forventa at fisken var på 2400 meters djup og alt skulle vera fryd og gammen. Sjølvsagt ikkje… Fisken var på 450 meter og på veg opp
Denne gongen var det ikkje eit ukjent problem, slik som vi har slete med heilt fram til no, men eit apparat (Doppler) som måler høgda til fisken øve havbotn som ikkje fungerte. Den er ganske essensiel for å unngå det som eg nemnde avslutningsvis i går. Så vi måtte ta fisken opp og fiksa den. Noko som heldigvis gjekk ganske greit, raskt og smertefritt. Så rundt kl tre i natt var fisken på veg ned igjen
Det er no (kl 11:30) ikkje så veldig lenge sidan fisken kom heilt ned (på grunn av at vi måtte snu tok det litt lengre tid), og alt ser ut til å fungera bra. Men det å køyra vinsj er litt vanskeleg… særleg i det terrenget vi har under oss. Halefisken (som sjølvsagt henge heilt bak i slepet) gjekk i havbotn ein gong, men det gjekk bra.
Alt er eigentleg ganske bra akkurat no, ikkje lenge til eg skal heim, kneet/leggen e betre enn på lenge, ting fungerar. Ute er det sol og etter lunsj skal eg ut og sola meg masse
Eg har faktisk fått trent ein liten halvtime i løpet av skiftet, men skal nok trena litt meir før eg legge meg. Kanskje kan eg få tid til å skriva litt meir og
21. februar
For eit skift! Det har gått i eit køyr heile tida. Skiftet før oss blei ferdige med tauinga av ei linja og hadde akkurat starta og ta opp nokre mottakarar. Resten tok vi opp i løpet av natta. Hektisk og travelt, men og gøy at vi endeleg fekk data (i tillegg til å vera med å ta opp mottakarane skulle eg og prosessera data). Min jobb var å få kasta uti ein krok og få tak i mottakaraen og hekta den fast i vinsjen. Første gjekk veldig lett, dei neste var mykje verre. Heldigvis roa veret seg litt (det var ikkje veldig mykje bølgjer uansett, men eit slit likavel) og dei siste gjekk minst lika lett som den første, sjølv om vi då bare var to, og ikkje fira som er normalt på ein slik operasjon.
Eigentleg er det ikkje så mykje meir å fortelja, vi skal ha eit møte om eit par minuttar, og då får vi sikkert greie på kva som skjer vidare i dag og natt, vi skal uansett til kai i morgon (seinast kl 1755). Eg er ganske sleten og trøytt, blir nok ikkje trening på meg i dag, kanskje litt soling før eg legge meg.
Snart, snart, veldig snart, så e eg heima!
22. februar
På veg mot land. Meir e da vel ikkje å seia
Greide å forsova meg til skiftet i natt… Alarmen var på, eg e ganske sikker på da, men av ein eller annan grunn ringte den ikkje. Så då blei eg vekt av at Erlend ringte inn på lugaren klokko halv to… tabbe. Gjekk bra då, var med og tok opp fisken, og Erlend kunne meddela styrmannen øve radioen: “The fish is on deck. You can go to the place where they have beer now.”. Deileg kjensle å endeleg vera ferdig, og spesielt at vi faktisk fekk litt resultat til slutt. Resten av tida før vi kjeme til land kjeme vel til å gå med til rapportskriving og rydding og vasking rundt omkring.
Vi skal av båten i kveld og inn på hotell, det blir bra. Satsar på at det ikkje tek altfor lang tid med tollklarering og andre sjekkar av båten, slik at vi kanskje kan få oss ein tur ut og.
23. februar
kom meg opp, blei eit par øl, men mange fleire på dei fleste andre.
seint frå båten
ikkje postkort dessverre
regn
fattig, fattig by
videobutikk, bank og bensin som har nye bygningar (sellers of dreams)
dårlege vegar
lang tur heim, men stykka opp av mellomlanding