Kva skjer?

07. april, 2006 – 15:00 av Tor Helge Huse

Det har gått ei god stund sidan vi har oppdatert bloggen vår no, vi e vel generelt litt late. Det er litt vår og vinter omkvarandre her i Oslo.
Eg syklar framleis, og e veldig glad for at det no e bare vegar.
Eg har og fått eit ny jobb som fagkonsulent for Damm forlag, det blir tredje boka no. Denne gongen e da ei bok som kort og godt heiter Astronomi. Har akkurat byrja, og skal vera ferdig før 1. mai. Om ein ser litt på informasjonen som ligg lagra i bileta i denna saken, kan ein kanskje sjå kva nytt leiketøy eg har kjøpt meg :)

Post a Comment